Friluftsskule

Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen som vil foregå i ulike naturmiljø alt etter kva kommune den gjennomførast i. Vi har som mål å gje born og unge gode opplevingar i og med naturen, i tillegg til at det skal vere ein positiv introduksjon til friluftsliv med fokus på kjekke aktivitetar og leik.

Over lengre avstandar kan vi få behov for å nytte buss for å komme til ulike stader. Friluftsskulen har gjennomgåande fire hovudtema i aktivitetsopplegget. Det er fokus på rettar og pliktar i allemannsretten, orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, korleis ein finn og lagar leirplass. Til slutt er det ein tur eller ekspedisjon.

Undervisninga startar  kl 9 og sluttar kl 15 den fyrste dagen. Dag 2 startar vi kl 9 og overnattar til dag 3. Dag 3 avsluttar vi kl 15. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte og foreldre er hjarteleg velkommen til å delta.

Friluftsskulen har plass til opp mot 20 deltakarar. Stort sett vil undervisninga føregå samla, men ved enkelte høve vil vi dele deltakarane i mindre grupper.

Vi veit at værforholda på Vestlandet er skiftande, der vind og nedbør kan kome med jamne mellomrom. Eit undervisningsopplegg med båtar og kajakkar ved kysten krev at vi har lite vind. Dagsprogramma er difor fleksible slik at vi kan endre og ha alternative løysingar dersom værtilhøva vert for vanskelege.

Praktisk- og meir spesifik informasjon finn du i lenka under tabellen. Det vert også sendt ut eit infoskriv med pakkeliste til føresette omlag ei veke før Friluftsskulen skal haldast.

Barn og unge skal bli glade i friluftsliv!

Oversikt friluftsskular 2024

Fjordane Friluftsråd

Friluftsskular 2024
VEKE  /  DATOKOMMUNE  /  LEIRNR.STAD
VEKE 26 // 24. – 26. juniSTRYN 1UTVIKFJELLET
VEKE 26  //  28. – 30. juniSTAD 1NORDFJORDEID
VEKE 28  //  8. – 10. juliKINN 1FLORØ
VEKE 28 //  12. – 14. juniSOLUND 1Ytre Sula
VEKE 28  //  12. – 14. juliBREMANGER 1ÅLFOTEN
VEKE 29  //  16. – 18. juliSTAD 2STADLANDET/BORGUNDVÅG
VEKE 31  //  29. – 31. juliBREMANGER 2BREMANGERLANDET/BERLE
VEKE 31  //  2. – 4. augustKINN 2MÅLØY
VEKE 32  //  6. – 8. augustSTRYN 2STRYN/BLAKSET
VEKE 32  //  7. – 9. augustSOLUND 2HARDBAKKE

Påmelding og meir informasjon om kvar enkelt Friluftsskule finn du her, vel den skulen du er interessert i for å sjå aktivitetsprogrammet

Meir generell informasjon Friluftsskulane finn du her: www.friluftsskole.no

Friluftsskulen er eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening og Friluftsrådenes Landsforbund.