300.000 kr til ro- og padleruter!

Fjordane Friluftsråd saman med sine medlemskommunar har fått midlar til å kartlegge ro- og padleruter i Askvoll, Bremanger, Kinn, Solund, Stad og Stryn.

Vestland har ei langstrakt og variert kystlinje med nær sagt uendelege moglegheitar for padling og andre formar for umotorisert ferdsel på sjøen. I tillegg er det mange vatn og vassdrag som innbyr til spennande ro- og padleopplevingar.

Bakgrunnen for prosjektet er å legge til rette for meir friluftsliv på sjøen, slik at fleire menneskjer skal oppdage glede og meistring ved å ferdast i ein kajakk eller robåt. For å sjå dette i ein større samanheng, på tvers av kommunegrenser, har Vestland fylkeskommunet tildelt midlar til kartlegging og tilrettelegging av ro- og padleruter i fylke. Fjordane Friluftsråd, saman med medlemskommunane, sendte inn søknad på tilskot og fekk innvilga 300.000kr totalt til kartlegging av ro- og padleruter.

Meir oversikt og informasjon

Eit av hovudmåla med ro- og padleprosjektet er at fleire menneske skal kunne ta del i ro- og padleopplevingar langs Vestlandskysten, og at fleire finn gleda av å drive fysisk aktivitet gjennom umotorisert ferdsel på sjøen. Det er allereie kartfesta og omtala ein del padleruter, men framleis er slik informasjon mangelfull fleire stader i fylket. Gjennom prosjektet er det ynskjeleg å gjere informasjon om ro- og padlemoglegheitene lettare tilgjengeleg og på den måten senke terskelen for å setje seg i ain robåt eller kajakk. Arbeidet for kommunane vil vidare vere å gjere ei kartlegging av kva som allereie eksisterar av informasjon, m.a. i padlebøker, på nettsider til kommunar og friluftsråd og som turforslag på ut.no, og kva som manglar. I andre tilfelle må ein hente inn kunnskap om padleruter frå kjentfolk og lokale padleentusiastar.

Leige framfor å eige

Det vil og vere aktuelt å kartlegge utlånsordningar for kajakk, kanoar og robåtar. Det er allereie mange aktørar som tilbyr utlån eller rimeleg utleige av kanoar og kajakkar, t.d. BUA, turlag, kommunar osv. Å samle informasjon om kvar ein kan låne utstyr, kan gjere det enklare å planlegge ein padletur for dei som ikkje har eigen kano eller kajakk. Ei slik kartlegging har og eit berekraftaspekt. Ved å samle oversikt over utlån og utleigeordningar gjer det enklare å basere seg på utstyrsdeling, framfor at “alle” skal eige sitt eige utstyr.

Medverknad

Sidan det manglar ein del informasjon om ro- og padleruter vil medverknad frå innbyggarane vere ein nøkkel i dette prosjektet. Lokalkunnskap og -kjennskap vil difor bli tatt imot med opne armar. Dei ulike kommunane har innspelsrundar og høringar på prosjektet. Har du innspel eller tips til prosjektet? Gå inn på  den aktuelle kommunen sine nettsider og orientere deg om fristane for innspel.

Askvoll kommune