jan.erik@friluftsrad.no
Jan Erik Hansen
Prosjektleiar Stikk UT!
Stikk UT! er felles turtrim for medlemskommunane i friluftsrådet. Turtrimmen samlar eit utval av flotte turar i kvar kommune. Turmåla er varierte, med turar frå fjell til fjøre, bratte og flate, lange og korte.
I appen, eller på nettsida til Stikk UT! kan ein finne turar i nærleiken. Alle turane har ein god turbeskrivelse, og er godt merka. På kvart turmål vil det vere ein turkode som registrerast i appen.
Stikk UT! gjer det enkelt for alle å finne ein fin tur, og det er heilt gratis å delta.
Stikk UT! har eksistert i nokre år i Møre og Romsdal, og har vorte den mest populære turtrimmen i Norge med kring 1 million registrerte turar i året. No skal Stikk UT! utvidast til fleire friluftsråd, og vi hadde oppstart 1. mai 2024 for første sesong hos Fjordane friluftsråd.
Får vintersesongen 1. desember 2024 har vi turar i Stad, Stryn, Kinn og Askvoll kommune. Til oppstart av sommarsesongen 1. mai 2025 er plana å ha turar i alle 7 medlemskommunane. Det vil då vere mogleg for alle å finne turar i eigen kommune, nabokommunane og på tvers av fylkesgrenser.
Det er enkelt å bli med på Stikk UT! Alt du treng å gjere er å laste ned appen, opprette ein brukar og registrere turane dine. Det er heilt gratis å vere med.
I appen kan du halde oversikt over kva turar du har registrert, og sjå statistikk over sesongen. Her finn du og topplister, som kor mange som besøker kvart turmål, kva turar som har flest besøk, og anna.
Stikk UT! har eksistert i Nokre år i Møre og Romsdal og har vorte den mest populære turtrimmen i Norge med kring 1 million registrerte turar i året. Frå 2024 skal Stikk UT! etablerast hos fleire friluftsråd, og det vert då mogleg å finne turar i eigen kommune, nabokommunane og på tvers av regionar.
Stikk ut har eiga nettside – stikkut.no – Stikk UT! appen kan lastast ned frå App Store eller Google Play. Der kan du sjå meir om turtrimmen, og byrje å glede deg til den startar opp i vårt område.
Ta kontakt om du har spørsmål eller vil vite meir om Stikk UT! hos Fjordane friluftsråd.
—
Jan Erik Hansen
Prosjektleiar Stikk UT!
E-post: jan.erik@friluftsrad.no
Tlf: +47 477 67 501