Frisklivsvenn

Frisklivsvenn er eit gratis tilbod der vi møtes rundt lågterskel gåturar, og den gode praten i pausen. Vi har ein fast turdag kvar veke. Målet er å skape eit trygt og sosialt fellesskap, der alle som ynskjer nokon å ga saman med er velkomne, uansett alder, fysisk form eller erfaring.

Frisklivsvenn er eit samarbeid mellom Fjordane friluftsråd og Frisklivssentralen i Kinn. Tilbodet er opent for alle, og det er gratis å delta. Informasjon om turane vert delt i eiga gruppe på Facebook.

Turane til Frisklivsvenn gruppa er enkle turar som passar for alle. Varigheita kan vere 1-2 timar, der vi har ein pause undervegs. I starten stiller Fjordane friluftsråd med turleiar, og etter kvart håpar vi deltakarar frå gruppa kan vere interessert i å bidra som frivillig turleiar på turane.

NB! Det vil ikkje vere tilatt å ta med hund på turane. 

Vi anbefaler alle å ta med ein liten tursekk med matpakke, noko å drikke, sitteplate og tørt skift. Det kan vere lurt å ha regnjakke i sekken sjølv om det er ein godversdag (vi er tross alt på vestlandet), og å pakke ein varm genser/jakke til å ta på i pausen. Ta gjerne med gåstavar.

Vel møtt til ein trivelig og sosial tur!

Frisklivsvenn Måløy

Vi er i gang med ei Frisklivsvenn gruppe i Vågsøy området. Firsklivsvenn Måløy har fast turdag på tysdag klokka 13:00. Oppmøtestaden varierer, og deltakarane er sjølve ansvarlege for ta seg til oppmøtestaden. Vi oppfordrar til å køyre saman eller gå til oppmøtestaden.

Turar før sommaren

Frisklivsvenn Måløy har eiga Facebook gruppe. Meld deg inn i gruppa, så får du oppdateringar om turplan og anna informasjon.

16. Juni: Trimløypa rundt Skramstadvatnet. Oppmøte ved Måløy stadion

23. Juni: Utsiktspunktet Ellinskarhornet. Oppmøte Måløy stadion

30. Juni: Moldøen. Oppmøte P-plass ved Moldøen

7. Juli: Bålplassen Deknepollvatnet. Oppmøte P-plass ved Måløy Stormarked

Ferie. Kom gjerne med forslag til turar etter hausten på siste tur før ferien.

Turmål hausten 2026

Frisklivsvenn Måløy har eiga Facebook gruppe. Meld deg inn i gruppa, så får du oppdateringar om turplan og anna informasjon.

18. August: Trimløypa rundt Skramstadvatnet. Oppmøte ved Måløy stadion

25. August
1. September: Fjordane friluftsråd kan ikkje stille turleiar.
8. September
15. September
22. September
28. September
6. Oktober
13. Oktober
20. Oktober
27. Oktober
3. November
10. November
17. November
24. November: Siste tur for sesongen

Kontaktpersonar for Spørsmål om Frisklivsvenn

Fjordane friluftsråd: Jan Erik Hansen – 477 67 501 – jan.erik@friluftsrad.no

Frisklivssentralen Måløy: Dorthea Frimannslund – 477 06 545 – dorthea.frimannslund@kinn.kommune.no

Aktiv for god helse

Å vere aktiv i naturen saman med andre gir god fysisk og psykisk helse.

Å vere i bevegelse ute i naturen gir glede, meistring og meining. Aktivitet reduserer stress, og styrker følelsen av å høyre til, samtidig som det betrar den fysisk forma.

Forskning syner at natur og sosial aktivitet har positiv effekt på den fysisk og psykiske helsa vår. God helse handlar om å ta vare på seg sjølv og kvarandre, vere aktiv, gjere ting saman, og fylle dagane med meining.

  1. Gjer noko aktivt: Gå tur, lære noko nytt, prøv nye ting, utforsk nærmiljøet.
  2. Gjer noko saman: Gå saman på tur, gjer avtalr om å treffes, si mer «hei» og smil til andre.
  3. Gjer noko meiningsfullt: Bli med i lokal lag, ver frivillig turleiar, inviter andre med på tur.

Vi håpar Frisklivsvenn vil vere ein god møteplass for alle deltakarane, at vi blir kjende med nye folk, at vi finn nokon å gå tur med resten av veka og.

Frisklivsvenn er eit samarbeid mellom