Bli med i kampen mot marin forsøpling

Fjordane Friluftsråd ynskjer å ha med din skule på ryddeaksjon!

Fjordane friluftsråd arbeider med skuler på alle trinn. Vi tilbyr skulebesøk gjennom skuleturnè for havet, men gjennomfører også andre prosjekt, som strandryddeseilas med folkehøgskuler, ryddecamp for skuler med friluftslinje, og mykje meir.  Vil din klasse eller skule bli med? – ikke nøl med å kontakte oss!

Din skule kan også søkje om midlar til gjennomføring av tiltak mot marin forsøpling. Meir informasjon i knappen under.

Skuleturné for havet

Eit førbyggande prosjekt

Fjordane Friluftsråd reiser på Skuleturné for havet saman med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane. Turneen starta hausten 2021 og har hatt stor suksess. I løpet av skuleåret 2022-2023 skal vi fortsette turneen og besøke kommunar som tilhøyrer «gamle» Sogn og Fjordane. Vi vil drive med alt frå undervisning om plasten sitt miljøproblem og marin forsøpling i klasserommet, til å ta elevene med på faktiske ryddeaksjonar i strandsoner og vassdrag. Kombinasjonen av teori og praksis gir elevene god innsikt i miljøproblemet sin kompleksitet både lokalt og globalt. Sluttrapport for Skuleturné for havet 2021/2022 kan du lese ved å klikke på den blå knappen under.

Prosjektet er finansiert gjennom prosjektmidlar frå Miljødirektoratet og Handelens Miljøfond, og er heilt gratis for skular å bli med på.

Skoleturne for Havet - Fjordane Friluftsråd - Fjordanefr.no - Bremanger

Viktig arbeid for framtida

Noko av det viktigaste vi gjer i arbeidet mot plast- og marin forsøpling er å inkludere og engasjere komande generasjonar om plastproblematikken. “Skuleturné for havet” arbeider med akkurat dette. Formålet med turneen er å skape engasjement og auke kunnskapen om kva plast er, kvar den kjem i frå, kva alternativ har vi til plast og korleis fase ut unødvendig bruk av plast. Vi vil også ta elevane med ut på strandrydding, der vi vil rydde, kartlegge ulike typar plast og registrere funn av plast på ulike databasar brukt til forsking.

Ein tek vare på det ein er glad i

Som friluftsråd legg vi naturlig stor vekt på friluftslivet i våre prosjekt. Når vi er ute og ryddar legg vi samtidig opp til bålkos og grilling i lunsjen når det passar slik. Vi er overbevist om at gode naturopplevingar bidreg til å styrke folk sitt ønskje om å ta vare på naturen. Ein tek vare på det ein er glad i.

Kva vil elevane sitte igjen med?

Gjennom deltaking i prosjektet vil elevane mellom anna få innsikt i korleis dei vala dei tek påverkar samfunnet og naturen både lokalt og globalt. Dei vil og få innsikt i forskjellen mellom makro-og mikroplast og verknaden plast har på naturen og det biologiske mangfaldet,  i tillegg til kunnskap om korleis redusere eige bruk av plast.

Skuleturné for havet - Fjordane Friluftsråd

Min bit av Norge

Adopter ei strand, ei elv, ei øy, eit vassdrag…