Fjordane Friluftsråd
HARDBAKKE: Solund Brygge
FLORØ: Horne Brygge
Postadresse
Fjordane Friluftsråd
Hardbakke 26
6924 Hardbakke
Org.nr.: 918 552 537
Telefon: 994 87 500
E-post: bjarte@friluftsrad.no
Fjordane Friluftsråd er ein interkommunal organisasjon starta opp i 2017. Solund, Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn er medlemskommunar i friluftsrådet.
Hovudkontoret ligg på Solund Brygge i Solund kommune. Her held 8 av våre medarbeidarar til: Dagleg leiar Bjarte Engevik, Skjergardstenesteskipper Lasse Lund, Friluftsrådgjevar og koordinator Anna Kobbeltvedt, Prosjektleiar for Rydd Norge Vestland-teamet Klaus Ludwig, Båtførar Tore Hundskår og Kystrenovatørane Estela Marques, Anders Kjendlie og Sara Orstadius.
Du finn alle tilsette på KONTAKTSIDA.
Hovudmålet er at alle skal få moglegheita til å drive friluftsliv som ein helsefremmande, trivselsfremmande og miljøvennleg aktivitet.
Som friluftsråd, er vi eit medlem av det landsomfattande samarbeidsorganet for tilslutta friluftsråd, Friluftsrådenes Landsforbund (FL).
Arbeidet vårt skal bygge på at vi er eit samarbeidsorgan forankra i kommunane og fylket. Vi arbeider hovudsakeleg med planlegging, gjennomføring, organisering, og førebyggande arbeid opp imot marin forsøpling. Vi vil også samarbeide med offentlege og private aktørar, slik at vi kan bidra med tilrettelegging for lågterskel friluftsliv.
Kystkommunen Askvoll består av kommunesenteret Askvoll, bygdene Kvammen, Stongfjorden, Holmedal og øygruppene Atløy, Værlandet og Bulandet. Askvoll har naturen heilt innpå seg, og du treng ikkje reise langt for å få dei gode naturopplevingane.
Kinn kommune i Vestland fylke vart til som ein del av kommunereformen i 2020, og er ei samanslåing av Flora og Vågsøy kommune. Den nye storkommunen Kinn vert dermed delt i to av Bremanger kommune. De to nye kommunesentra Måløy og Florø ligg 100 kilometer frå kverandre. Kinn er ein øykommune med Flora ytst i Sunnfjord, medan Vågsøy, Silda, Husevågøy og Gangsøy ligg ved munningen av Nordfjord. Du finn mange fine friluftslivsmoglegheiter i kommunen med flotte merka løyper, sportsfiske, dykking, fugleobservasjonar, fotturar og kajakkpadling. Denne kommunen har ei rekke fine naturopplevingar å by på med sin varierte og skjønne natur. Du vil finne alt frå høge fjell til skjergard og skogsareal.
Bremanger er ein kystkommune med spreidd busetnad. Landskapet er mangfaldig med høge fjell, isbrear, fjordar og øyer. Her er Ålfotbreen landskapsvernområde, sjøklippa Hornelen og lange kvite badestrender i Bremangerpollen. I Bremanger kommune er Svelgen kommunesenter.
Stad kommune ligg på nordsida av Nordfjorden. Store delar av kommunen består av kupert fjellterreng, og dei høgaste fjella ligg aust i kommunen. Stad sitt høgaste fjell er Glitregga på grensa mot Stryn, som ligg 1297,4 moh. I den nordvestlege delen av kommunen ligg halvøya Stadlandet som strekk seg ut i Stadhavet. Det manglar ikkje på flotte tur – og naturopplevingar i Stad kommune. Her er tilbod til liten og stor, sommar som vinter.
Stryn kommune har ein fantastisk natur med svært variert terreng som byr på allsidig friluftsliv heile året. Kommunen, reiselivsnæringa, private aktørar, frivillege lag og organisasjonar samarbeidar for å legge til rette for at både fastbuande og tilreisande kan drive eit aktivt friluftsliv. I tillegg til tradisjonelle aktivitetar som fotturar, skiaktivitet, bading, jakt og fiske, omfattar friluftslivet i kommunen eit vidt spekter av aktivitetar, som til dømes: fjellklatring, brevandring, padling, stisykling, laussnøkøyring og paragliding. Stryn kommune vart medlem av Fjordane Friluftsråd sommaren 2020 og er den største kommunen i areal av medlemskommunane.