Friluftsskule

Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen, og vil foregå i ulike naturmiljø. Vi har som mål å gje born og unge gode opplevingar i og med naturen. Det skal vere ein positiv introduksjon til friluftsliv, med fokus på kjekke aktivitetar og leik.

Over lengre avstandar kan vi få behov for å nytte buss for å komme til ulike stader. Friluftsskulen har gjennomgåande fire hovudtema i undervisningsopplegget. Det er fokus på dei rettar og pliktar som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass  på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass. TIl slutt er det ein tur eller ekspedisjon.

Undervisninga startar  kl 9 og sluttar kl 15 den fyrste dagen. Dag 2 startar vi kl 9 og overnattar til dag 3. Dag 3 avsluttar vi kl 15. På overnatting der ein kan velge mellom telt, lavvo og hengekøye. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte.

Friluftsskulen i år har plass til opp mot 20 deltakarar. Stort sett vil undervisninga føregå samla, men ved enkelte høve vil vi dele deltakarane i mindre grupper.

Vi veit at værforholda  på Vestlandet er skiftande og vind og nedbør kan kome med jamne mellomrom. Eit undervisningsopplegg med båtar og kajakkar ved kysten krev at vi har lite vind. Dagsprogramma er difor fleksible slik at vi kan endre og ha alternative løysingar dersom værtilhøva vert for vanskelege.

Barn og unge skal bli glade i friluftsliv!

Oversikt friluftsskular 2023

Fjordane Friluftsråd

Friluftsskular 2023
VEKE  /  DATOKOMMUNE  /  LEIRNR.STAD
VEKE 25 // 23. – 25. juniSTRYN 1Meir informasjon kjem
VEKE 26 //  26. – 28. juniSOLUND 1Meir informasjon kjem
VEKE 26  //  27. – 29. juniKINN 1Meir informasjon kjem
VEKE 27  //  3. – 5. juliSTAD 1Meir informasjon kjem
VEKE 27  //  7. – 9. juliKINN 2Meir informasjon kjem
VEKE 28  //  11. – 13. juliBREMANGER 1Meir informasjon kjem
VEKE 29  //  17. – 19. juliBREMANGER 2Meir informasjon kjem
VEKE 29  //  21. – 23. juliSTAD 2Meir informasjon kjem
VEKE 30  //  28. – 30. juliSTRYN 2Meir informasjon kjem
VEKE 32  //  11. – 13. augustSOLUND 2Meir informasjon kjem

Påmelding og meir informasjon om kvar enkelt Friluftsskule finn du her, vel den skulen du er interessert i for å sjå aktivitetsprogrammet

Meir generell informasjon Friluftsskulane finn du her: www.friluftsskole.no

Friluftsskulen er eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening og Friluftsrådenes Landsforbund.