Fjordane Friluftsråd
HARDBAKKE: Solund Brygge
FLORØ: Horne Brygge
Postadresse
Fjordane Friluftsråd
Hardbakke 33
6924 Hardbakke
Org.nr.: 918 552 537
Telefon: 994 87 500
E-post: fjordane@friluftsrad.no
Stikk UT! er ein felles turtrim for medlemskommunane i friluftsrådet. Turtrimmen samlar eit utval av flotte turar i kvar kommune. Turmåla er varierte, med turar frå fjell til fjøre, bratte og flate, lange og korte.
Fjordane friluftsråd har i år turmål i Hyllestad, Solund, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn kommune. Totalt er det 79 turar å velje mellom i våre medlemskommunar. Turane kan du finne, og registrere, i Stikk UT! appen.
Stadig fleire friluftsråd etablerer Stikk UT! i sine medlemskommunar, så om du vil ha meir variasjon, eller nytte appen på reise, kan du finne turmål hos våre gode naboar i Sogn friluftsråd og Sunnmøre friluftsråd. Skal du på lengre tur finn du Stikk UT! turar frå Lindesnes til Nordkapp.
Vi ynskjer alle ein god tursommar.
NB: Turmåla i Hyllestad vert merka fortløpande frå 15. juni til 1. juli. Det er mogleg å registrere turane med appen (gps) på turmålet sjølv om det ikkje er satt opp kodemerke.
Det er enkelt å bli med på Stikk UT! Alt du treng å gjere er å laste ned appen, opprette ein brukar og registrere turane dine. Det er heilt gratis å vere med.