anna@friluftsrad.no
Anna Kobbeltvedt
Friluftsrådgjevar
Friluftsliv blir definert som fysisk aktivitet i eiga fritid – ute i naturen.
Fjordane Friluftsråd vil legge til rette for aktivitetar i naturen, og at folk skal bli glad i naturen rundt seg. Det er kjekt å sjå at dess meir folk brukar fritida si i naturen, dess meir blir dei opptekne av å ta vare på naturen.
FRILUFTSLIV FOR ALLE
I sommarmånadane held vi Friluftsskular i medlemskommunane våre. Dette er eit viktig førebyggjande arbeid som er tett knytt til satsinga vår, friluftsliv for alle. Vi vil bidra til å fremje og auke deltakinga i friluftslivet og utføre folkehelsetiltak ved å legge til rette for lågterskel friluftsaktivitetar, tilpassa lokale forhold – og nært der folk bur. Vi har mellom anna god erfaring med å arrangere fjøredagar, der barn og vaksne får oppleve og lære meir om livet i fjæra. Det viktigaste for oss er at barn og vaksne finn glede i å vere i naturen, og at vi lærer oss å bruke og bevare naturen på ein god måte.
LEGGE TIL RETTE
Vi vil samarbeide med offentlege og private aktørar og legge til rette for lågterskel friluftsliv. Her kan vi til dømes bidra med å planleggje og søkje midlar til opparbeiding av parkeringsplass, informasjonsskilt til turmål, tiltak og utstyr som gir personar med nedsett funksjonsevne lettare tilgang til friluftsområde. Vi kan ved hjelp av Skjergardstenesta vedlikehalde og renovere friluftsområde som berre kan nåast sjøvegen, og avhjelpe kommunar med å søkje statleg sikring og utarbeide skjøtselplanar for friluftsområde.
SAMARBEID
Vi vil i samarbeid med andre lag / organisasjonar, enkeltpersonar og grunneigarar legge til rette for friluftsliv, og gjerne realisere friluftsanlegg og aktivitetar. Eit typisk tiltak på kysten kan vere å merke leier for kajakkpadling eller merke turstiar på land og opparbeide badeplassar med meir. For oss er det ikkje viktig å springe på dei høgste toppane, men at folk kjem seg ut og set pris på naturen rundt seg.
TIPS & RÅD
Har du fleire tips? Sende dei gjerne til oss.
I gamle Sogn og Fjordane finst det fleIre stadar du kan låne utstyr til utendørsaktivitetar og friluftsliv – HEILT GRATIS
Kontakt Anna Kobbeltvedt
Friluftsrådgjevar