Privatpersoner,
lag og organisasjoner

Korleis kan du og eg gjere ein innsats

Forsøpling i hav, fjøre, vassdrag m.m. er dessverre ikkje eit sjeldant syn. Denne forsøplinga truar både dyr og menneske, og er samtidig negativt for friluftsliv og turisme. Vi er sårt avhengig av frivillig arbeidskraft i kampen mot marin forsøpling, og oppmuntrar difor alle til å vere med på, eller arrangere strandryddingar.

Organisasjonar og lag

Ønskjer din organisasjon/lag å vere med og rydde avfall frå naturen? Vi hjelper gjerne med organisering og støtte. Organisasjonar, idrettslag, bygdelag, skuleklasser etc. kan arrangere eigne aksjonar, og kan søke om støtte til dette gjennom vår søkeordning: Motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Les meir om korleis du kan arrangere ryddeaksjonar og søkje om motivasjonsmidlar HER

Privatpersonar

Ønskjer du å rydde avfall frå naturen i ditt nærområde? Fjordane Friluftsråd hjelper deg gjerne i gang! Du kan plukke søppel langs vegen når du går på tur, eller organisere ein aksjon i eit vassdrag eller ein holme ute i havgapet. Anten du vil rydde aleine eller engasjere lokalmiljøet ditt, så hjelper vi deg gjerne!

Vi legg til rette med distribusjon av utstyr, og dersom du har kostnadar knytt til opprydding kan du anten få dette refundert frå oss, eller gjennom HNR sin refusjonsordning. Les meir om kva du bør tenke på når du skal rydde HER