Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Rydde Nessa, Solund

12. september arrangerast Rein Sognefjord, og frå 13. – 22. september arrangerast den nasjonale kampanjen Strandryddeveka.

Vi kombinerer og skal rydde Nessa for marint avfall 14. september. Bli med du og!

Informasjon til deltakarar

Vi står klar frå 10:45 ved Nessa. Gjerne samkjør- for miljøets del og parkeringsplassar. Her får de ryddehanskar og ryddesekkar.

Ta på egne klede og sko avhengig av vêr, vind og terreng.

Det vil bli lett servering.

Har du lyst til å rydde i strandryddeveka?

Det er ikkje vanskeleg å bli med; registrer eit ryddeområde på ryddenorge.no. i etterkant av ryddeaksjonen registrera de kor mange menneskje som vert med og kor mange kilo. Treng de ryddeutstyr? Ta kontakt med Fjordane Friluftsråd.

1. september er frist for å søke motivasjonsmidlar til strandrydding. Midlane kan gå til transport av og servering til deltakarar. Sjekk ut: https://fjordanefr.no/fjordane-friluftsrad-delar-ut…/

Dette arrangementet er i samarbeid med Solund kommune, og midlane til å kunne gjennomføre arrangementet er gitt av Handelens Miljøfond, Friluftsrådenes Landsforbund og Vestland fylkeskommune.

Har du spørsmål knytta til aksjonen?

Ta kontakt: