Seglas med Loyal i Hyllestad 3. – 4. september

Bli med på seglas med Loyal i Hyllestad

Fjordane Friluftsråd arrangerar seglas i Hyllestad med galeasen Loyal. Toktet kjem til å vare i 2-dagar med ei overnatting. Arrangementet er åpent for alle som vil delta, og det er heilt GRATIS.

Informasjon til deltakarar

På toktet får ein moglegheit til å oppleve nydeleg natur frå skutesida i Hyllestad kommune. I løpet av dagane vil det vere fokus på kystkultur, kysthistorie, vi kan fiske og/eller sette teiner, samt lære grunnleggande friluftsliv. Vi vil også gjennomføre ein ryddeaksjon for å fjerne marin forsøpling frå kystlinja.

Dette er moglegheiten til å komme tett på og få fantastiske naturopplevingar, vere sosial og samstundes bidra til ein reinare natur.

Bli med!

Praktisk:

  • Oppmøte ved Sørbøvågen, kl 17:45
  • Arrangementet startar kl 18:00
  • Mat er inkludert

Ha med gode klede, pakkeliste og meir info vert sendt ut i forkant av seglaset.

Lenke til GRATIS påmelding

Har du spørsmål knytta til aksjonen?

Ta kontakt: