Søk motivasjonsmidlar våren 2026!
Det er no opna for søknader til vårens motivasjonsmidlar. Vi ønskjer å støtte ryddeaksjonar frå alle typar grupper, uansett alder og organisering. Enten de er ein skuleklasse, eit lag eller ei foreining, ei bedrift, ein vennegjeng eller enkeltpersonar som vil bidra, er alle hjarteleg velkomne til å søkje. Dette er ei flott moglegheit til å gjere ein konkret og synleg forskjell for naturen i dykkar eige nærmiljø, til glede for både naturmangfaldet og lokalsamfunnet. Kystlinja vår er lang og vêrutsett, og kvart år skyl det framleis store mengder marint avfall i land. Heldigvis har regionen eit sterkt og unikt frivillig engasjement for strandrydding. Saman kan vi ta vare på kystområda våre og redusere forsøplinga.
Søknadsfristen er søndag 1.mars.
Svar vert sende ut så raskt som mogleg etter fristen.
Ved spørsmål om søknaden, ring 948 00 969 eller send e-post til johannes@friluftsrad.no.
Vi ser fram til å støtte mange flotte initiativ!

