Stikk UT! vinter

Stikk UT! Vinter er her

Frå 1. desember til 21. april inviterer vi alle til å vere med på vinterversjonen av landets største turtrim. Gjennom heile vinteren er det mogleg å registrere Stikk UT! turar i Askvoll, Kinn, Stad og Stryn kommune.

Stikk UT! er ein felles turtrim for medlemskommunane i friluftsrådet. Turtrimmen samlar eit utval av flotte turar i kvar kommune. Turmåla er varierte, med turar frå fjell til fjøre, bratte og flate, lange og korte.

I vintersesongen er det eit utval av fotturar og skiturar. Dei fleste fotturane vil vere tilgjengelege med gode vintersko, og eventuelt broddar om det skulle vere glatt. For nokon av turmåla kan vere enklast med truger om det skulle komme ei periode med mykje snø. Vurder alltid ver og føreforhold før turar på vinteren.

Skiturane er knytt til skiløyper, der ein kan sjekke Skisporet.no for oppdatert løypeinformasjon.

Nytt denne sesongen hos Fjordane friluftråd er sentrumsturar i Florø, Nordfjordeid, Stryn og Måløy. Dette er enkle turar på 20-30 minutt som passar som ein lunsjtur eller kveldstur.

Sentrumsturane kan vere ei fin anledning for å gjere noko saman på arbeidsplassen, samtidig som ein får litt bevegelse og frisk luft. Vi kan nesten garantere meir energi og arbeidslyst etter turen.

Det er og mogleg for bedrifter å vere med på Stikk UT! for å skape samhald og trivsel på arbeidsplassen. Les meir om Stikk UT! Bedrift og korleis din arbeidsplass kan bli med på nettsida til Stikk UT! eller ta kontakt med prosjektleiar for Stikk UT! hos Fjordane friluftsråd for å høyre meir.

Sentrumsturane i vinter er:

  1. Sentrumstur i Stryn
  2. Sentrumstur Nordfjordeid
  3. Moldøen ved Måløy
  4. Sentrumstur i Florø

Klar, ferdig Stikk UT!

Det er enkelt å bli med på Stikk UT! Alt du treng å gjere er å laste ned appen, opprette ein brukar og registrere turane dine. Det er heilt gratis å vere  med.

  1. Last ned Stikk UT! appen frå App Store eller Google Play.
  2. Lag ein brukar, og bruk kartet for å finne ein passande tur i nærleiken. Turane har kart, bilete, gps-spor og gode skildringar slik at det er enkelt å finne fram.
  3. Kvart Stikk UT!- turmål har ei postkasse eller kodeplate, der ein finn ein eigen kode (to bokstavar og to tal). Denne koden registrerer du i appen.

Stikk UT! turmål vinteren 24-25

Turmål i Askvoll kommune

  1. Bakkekletten – fottur
  2. Olsetåsen – fottur
  3. Prestegarden rundt – fottur
  4. Brurastakken – fottur
  5. Nordsjøløypa – fottur
  6. Stongsåsen – fottur
  7. Storehaugen – fottur

Turmål i Stryn kommune

  1. Sentrumstur i Stryn (fottur)
  2. Huaren (fottur)
  3. Pilgrimsløypa i Innvik (fottur)
  4. Sagedammen (fottur)
  5. Holesetra (skitur)
  6. Tverrfjellet (skitur)
  7. Spjelkebu (skitur)
  8. Rosetstøylen(skitur)
  9. Sølvbergstøylen (skitur)

Turmål i Kinn kommune

  1. Trimløypa i Måløy – fottur
  2. Moldøen – fottur
  3. Traneberget – fottur
  4. Gamle Kvalheimsvegen – fottur
  5. Sentrumstur i Florø – fottur
  6. Litlevatnet – fottur
  7. Sørstrand folkepark – fottur
  8. Brandsøyåsen – fottur
  9. Askrova på langs (Ørnereiret) – fottur
  10. Sørmarka i Eikefjord – fottur

Stikk UT!-vett

Fjordane friluftsråd oppfordrar alle til å ta vare på naturen og ferdast på ein omsynsfull måte. Hugs å følge Stikk UT!-vett reglane.

Støttespelarar