roger@friluftsrad.no
Roger Auset
Næringslivskontakt
Som havnasjon er Norge heilt avhengig av levande og sunne hav. Marin forsøpling og plastforureining truar livet i havet og er eit av dei raskast aukande miljøproblema vi står overfor. Store delar av forsøplinga her i Norge kjem dessverre frå lokale kjelder knytt til næringslivet. Ein viktig grunn til at vi ønskjer å invitere bedrifter inn i den store dugnaden i kampen mot marin forsøpling.
Vår oppleveling er at norske bedrifter der ute ønskjer å gjere noko med plastutfordringa, men det manglar kanskje litt kunnskap. Derfor er det viktig at vi samarbeider, ser på kvarandre og lærer av kvarandre for å saman å finne fram til dei beste løysingane.
Vi i Fjordane Friluftsråd ønskjer å gå i dialog med bedrifter for å finne dei beste løysningane til kvar enkelt bedrift. Samtidig ønskjer vi å invitere bedrifter med ut på strandrydding. Ein viktig aktivitet som gir stor nytte for naturen og stor meining for oss.
Med strandryddepakka tilbyr vi næringslivet ei enkel løysing for å vere med å støtte arbeidet med å rydde kysten av tidlegare Sogn og Fjordane for marin forsøpling. I tillegg til å bidra til å ta vare på våre felles hav!
Marin forsøpling er ei av vår tids største miljøutfordringar, og vår no-tid vil kanskje bli hugsa av ettertida som «plast-alderen». For oss som lever på kysten og i fjordane er plastforsøplinga i fjærer og på strender ein del av kvardagen og noko vi kjenner godt til. Kampen mot marin forsøpling er ei av våre viktigaste arbeidsområde i Fjordane Friluftsråd, og no vil vi ha næringslivet med på dugnaden!
Målet med aktivitetsdagen er å gje deltakarane ei positiv, spennande, lærerik og forhåpentlegvis utfordrande oppleving i lag med oss. Vi vil ta folk med inn i vårt univers, og samtidig som vi har det gøy vil vi rydde ei fjære/strand loakalt i regionen.