Vil du leie eit spennande friluftsliv og folkehelseprosjekt?

Fjordane Friluftsråd har ei nyoppretta stilling som prosjektleiar for StikkUt ledig frå 01.06.23

ARBEIDSOPPGÅVER

Leie arbeidet med å opprette fullskala StikkUt elektronisk turregistrering i alle våre medlemskommunar.

Gjere avtale om databasetilknytning til prosjektet.

Legge ut informasjon om prosjektet på web m.m. og drifte sida.

Planlegge løype/stinett, turmål i ulike kategorier og vanskeleggrader for å nå flest mogleg brukarar.

Avklare og avtale traseval, løypenett som skal inn i digitale kart, parkering etc.med grunneigarar

Halde tett dialog og samarbeid med medlemskommunane, fylkeskommune, statsforvalter og nabofriluftsråd

Skilte og merke stiar i tråd med StikkUt konseptet og i dialog med kommunar og grunneigarar.

VI YNSKJER EIN MEDARBEIDER SOM ER/HAR

Kjennskap til offentlig plan- og prosjektarbeid

Kompetanse innan friluftsliv

Gode digitale ferdigheiter, gjerne innanfor kart og forvaltningsløysingar.

Gode samarbeidsevner

Initiativrik, arbeider sjølvstendig og løysingsorientert

Kjennskap til fleire av våre kommuner

Førerkort og disponerer eigen bil. (Kan vere høve for tilgang på firmabil.)

Er i god form og liker å arbeide i felt.

Bachelorgrad eller anna relevant utdanning innan fagområde

Friluftsliv, Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no
Friluftsliv, Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

VI KAN TILBY

Ei spanande, utviklande og sjølvstendig stilling

100 % stilling i ei bedrift som tek FNs bærekraftmål på alvor

Høve for fast stilling etter ein prosjektperiode på inntil 1 år.

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Fleksibel arbeidstid

Kontorstad etter avtale

Løn etter avtale

OM OSS

Fjordane Friluftsråd er ein interkommunal organisasjon starta opp i 2017. Solund, Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn er medlemskommunar i friluftsrådet. Hovedkontoret ligg på Solund Brygge Hardbakke i Solund, men vi har også kontorstad på Horne Brygge i Florø.

Vi arbeider med planlegging, gjennomføring, organisering, og førebyggande arbeid opp imot marin forsøpling. Skjergardsteneste og eigne ryddelag bidreg sterkt med å rydde kyst og fjordstrøk for marint avfall. Vi arbeider med offentlege og private aktørar, slik at vi kan legge til rette for god folkehelse med lågterskel friluftsliv.