Solund
Meir info kjem
BYRYDDEDAGEN 4. MAI
Laurdag 4. mai er det nasjonal byryddedag. Då skal vi gå saman og fjerne boss i byar og tettstader. Få med deg familien, vennegjengen, laget ditt – og gjer det fint der de bur.
Det er skremmande med all plasten som endar opp i havet – men korleis endar søpla i havet? – kvar kjem det frå? Den største kjelda til alt som endar på strender og i havet, er faktisk forsøpling på land.
Om du mister noko ut av lomma di, om boss-spanna er overfylte, om fuglar, vatn eller vind flyttar på bosset, – ja, så endar veldig mykje til slutt i havet.
Bli med å stogge straumen av boss frå by og bygd til hav. Bli med og pynte opp der du bur!
Fjordane Friluftsråd vil i samarbeid med frivillige arrangere byryddedag 4. mai (eller ein annan dag om det passar betre) i alle medlemskommunane.
Følg med på sosiale media, slik at du kan vere med og gjere det fint der du bur.
Friluftsrådet stiller med sekkar og ryddehanskar – kle deg etter vêr og vind!
Ta kontakt: