Stikk UT! – Heile Norge på tur

Den 1. mai går startskotet for Stikk UT! i Stryn, Stad og Kinn kommune. Då vil det vere mogleg å bli med på landets største turtrim, og registrere turar i Stikk UT!-appen.

Stikk UT! er ein felles turtrim for medlemskommunane i friluftsrådet. Turtrimmen samlar eit utval av flotte turar i kvar kommune. Turmåla er varierte, med turar frå fjell til fjøre, bratte og flate, lange og korte.

Turtrimmen har eksistert i nokre år i Møre og Romsdal, og har vorte svært populær med kring 1 million registrerte turar i året. No skal Stikk UT! utvidast til fjordane friluftsråd og ei rekke andre friluftsråd i landet.

Klar, ferdig Stikk UT!

Det er enkelt å bli med på Stikk UT! Alt du treng å gjere er å laste ned appen, opprette ein brukar og registrere turane dine. Det er heilt gratis å vere  med.

  1. Last ned Stikk UT! appen frå App Store eller Google Play.
  2. Lag ein brukar, og bruk kartet for å finne ein passande tur i nærleiken. Turane har kart, bilete, gps-spor og gode skildringar slik at det er enkelt å finne fram.
  3. Kvart Stikk UT!- turmål har ei postkasse eller kodeplate, der ein finn ein eigen kode (to bokstavar og to tal). Denne koden registrerer du i appen.

Stikk UT! turmål 2024

Turmål i Stryn kommune

  1. Hestehytta
  2. Huaren
  3. Kloppemyrhytta
  4. Spjelkebu
  5. Holsetra
  6. Vetledalsetra (15. mai)

Turmål i Stad kommune

  1. Hornet
  2. Utsikten på Nordfjordeid
  3. Dagsturhytta på Naustdalskamben
  4. Kjenndalsvatnet
  5. Draumeplassen ved Lefdalsvatnet
  6. Havglimt dagsturhytte Leikanger
  7. Tarvaldseggja
  8. Sjøglytt dagsturhytte på Risnakken

Turmål i Kinn kommune

  1. Trimløypa i Måløy
  2. Brurahornet
  3. Skongsnes fyr
  4. Gamle Kvalheimsvegen
  5. Traneberget
  6. Sørstrand folkepark
  7. Brandsøyåsen
  8. Dagstyrhytta på Fløgjen
  9. Hatlesetnipa
  10. Askrova på langs
  11. Sørmarka i Eikefjord
  12. Kvilehytta til Eikefjord IL
  13. Håsteinen

Stikk UT!-vett

Fjordane friluftsråd oppfordrar alle til å ta vare på naturen og ferdast på ein omsynsfull måte. Hugs å følge Stikk UT!-vett reglane.

Støttespelarar