Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Rydd i by og bygd

BYRYDDEDAGEN 4. MAI

Laurdag 4. mai er det nasjonal byryddedag. Då skal vi gå saman og fjerne boss i byar og tettstader. Få med deg familien, vennegjengen, laget ditt – og gjer det fint der de bur.

Det er skremmande med all plasten som endar opp i havet – men korleis endar søpla i havet? – kvar kjem det frå? Den største kjelda til alt som endar på strender og i havet, er faktisk forsøpling på land.

Om du mister noko ut av lomma di, om boss-spanna er overfylte, om fuglar, vatn eller vind flyttar på bosset,  – ja, så endar veldig mykje til slutt i havet.

Bli med å stogge straumen av boss frå by og bygd til hav. Bli med og pynte opp der du bur!

Der du bur

Fjordane Friluftsråd vil i samarbeid med frivillige arrangere byryddedag 4. mai (eller ein annan dag om det passar betre) i alle medlemskommunane.

Følg med på sosiale media, slik at du kan vere med og gjere det fint der du bur.

Friluftsrådet stiller med sekkar og ryddehanskar – kle deg etter vêr og vind!

Ta på deg ryddehanskane –
og gjer ein innsats der du bur!

Skuleturné for havet - Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Bli med:

  • Solund

    Meir info kjem

  • Askvoll

    Meir info kjem

  • Kinn

    Meir info kjem

Har du spørsmål knytta til aksjonen?

Ta kontakt: