Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Delta på Kystlotteriet

Fjordane Friluftsråd og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane arrangerer ei regional premietrekning i områder av tidligare Sogn og Fjordane.

No blir ordninga digital – går vekk ifrå «fysiske» lodd

Kystlotteriet er eit strandryddelotteri, kor kvar sekk du ryddar blir til eit lodd i ei årlig trekning om flotte premiar. Lodd registrerer du digitalt på Kystlotteriet sine sider.

Regional trekning i april

I forbindelse med vårryddedagen arrangerar Fjordane Friluftsråd og Naturvernforbundet SF ei regional trekning for alle som ryddar i heile tidligare Sogn og Fjordane. Trekninga er i samarbeid med Kystlotteriet, og du kan registrere lodda dine her. Hugs å huke av kommuna du ryddar i!

Vinn gåvekort på opplevingar og utstyr til friluftsliv.

Alle som registrerer lodd frem til 15. april blir med i den regionale trekninga som skjer i slutten av april. Med denne registreringa er du òg med i den nasjonale trekningen som finner sted ved årsskiftet!

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no
Skuleturné for havet - Fjordane Friluftsråd

Pengepremier til skuleklasser

I tillegg skal vi dele ut 5 stk pengepremier à 1000 kroner til skuleklasser som har rydda. For å bli med i trekninga må skulen/klassen sende inn bilde av boss og klasse etter endt rydding, og ei kort tekst om dagen dykk har hatt: kor mange sekkar blei rydda, kor mange deltok, fant dykk noko rart/uventa? Send info på mail til mnm@naturvernforbundet.no

Frist for å sende inn er 15. april

Alle skuleklasser kan òg delta i Kystlotteriet sin nasjonale trekning på slutten av ryddesesongen, ved å registrere skulen sine rydda sekker på Kystlotteriet.

Har du spørsmål om Kystlotteriet eller den regionale trekninga?

Ta kontakt med oss:

Thea Båtevik - fjordanefriluft.no