Næringslivspakke - Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Næringslivet tar ansvar

Fjordane Friluftsråd er avhengig av gode samarbeidspartar

Vi er avhengige av gode samarbeidspartar langs kysten, og eit av mine arbeidsfelt er å engasjere næringslivet i arbeidet mot marin forsøpling, fortel Roger Auset.

Ikkje berre rydding av søppel, men like viktig er å endre haldningane og redusere plastbruk i næringslivet. Då er det veldig kjekt å treffe bedrifter som er levande engasjerte i dette arbeidet – og som tar i eit tak for fellesskapet og naturen.

Marø Havbruk, Karstensen Fiskeoppdrett og Selstad er døme på slike bedrifter – som stiller opp og som tenkjer nytt. Dei både deltek i rydding og tar ansvar for logistikk i samband med rydding, samtidig som dei tenkjer grønt og gjer ein viktig innsats for å redusere problemet.

BEDRIFTSPAKKE – SOSIALT OG NYTTIG

Marø Havbruk og E. Karstensen fiskeoppdrett driv sine anlegg som ei samdrift, og har dessutan gått saman om ein bedriftspakke hos Fjordane Friluftsråd, fortel Elin Tveit Sveen. Det inneber at vi sponsar friluftsrådet, og får tilbake ein aktivitetsdag – der vi gjer noko kjekt i lag i kombinasjon med ein plastryddeaksjon. Sist sommar arrangerte friluftsrådet ein felles sosial dag for oss med kajakkpadling, som enda opp med strandhugg ved flyplassen i Florø. Der hadde vi ein skikkeleg ryddeaksjon. Elles så er vi aktivt med når grendalaga arrangerer ryddeaksjonar. Då stiller vi med båtar og mannskap.

BLI MED

Nyte & rydde naturen

I sommar / haust kan bedrifta di bli med på ein uforgløymeleg aksjon med oss – der vi nyter og ryddar naturen fin på same dag.

På agendaen står:

  • Strandryddedag med Loyal – verdas eldste galeas.
  • Ein betre middag om bord i skuta.
  • Kajakk / båttur og strandrydding i Solunds flotte skjergard.
  • Besøk på Litle-Færøy, der vi får oppleve tradisjonelt friluftsliv på ein stad «der ingen skulle tru at nokon kunne bu»
  • Coasteering og strandrydding på vestlandskysten saman med Sjøbris Adventure
Næringslivspakke - Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

GODE NABOAR

Tauprodusenten Selstad, med avdelingar i Måløy og i Solund er også aktive medhjelparar. I Solund har Fjordane Friluftsråd ein konteinar på Selstad si kai, og det er aldri nei når tunge ting skal flyttast og løftast, fortel Roger. Gjengen i Selstad stiller med både kran og truck, når plasten skal lossast frå båt til konteinar.

SPORBART TAU

I Måløy er Selstad i gang med eit spanande utviklingsarbeid, i samarbeid med Brisk Safety og Grieg Seafood Finnmark. Leiar for tau og sikkerheit, Erik Engebretsen fortel om utvikling av eit sporbart tau, laga i profilfargane til kunden – med ein tråd inni som viser kven som har produsert og kven som eig tauet. Dette vil gjere folk meir bevisste på bruk av tauet – og ein kan spore kvar eventuelt tau på avvegar kjem i frå. Selstad har og ei ordning der utslite tau blir kutta og vaska – og blir resirkulert i ein lukka sirkel.

Ønskjer di bedrift besøk av oss?

Eller har du spørsmål om kva di bedrift kan bidra med?

Kontakt oss:

Roger Aunet - næringslivskontakt, Fjordane Friluftsråd