Skoleturne for Havet - Fjordane Friluftsråd - Fjordanefr.no - Stryn

Søk om motivasjonsmidlar no!

SØKNADSFRIST 1. SEPTEMBER

Fjordane Friluftsråd lyser ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Her inviterer vi lag/organisasjonar, bedriftar og skular til å søkje om midlar til tiltak som kan vere med å bekjempe forsøpling i naturen. Midlane kan brukast til å dekke kostnadar knytt til ryddeaksjonar eller førebyggande tiltak.

1. Kven kan søke om tilskot?

  • Stiftingar registrert i einheitsregisteret, frivillige og ideelle organisasjonar.
  • Private verksemder, som ikkje er enkeltpersonforetak.
  • Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan.
  • Foreiningar / lag, som t.d.: skular, korps, idrettslag, bygdelag, avfallsselskap osv.

Vi delar ut midlar til tiltak i medlemskommunene våre og tilgrensande kommuner; Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad, Stryn, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Fjaler, Sunnfjord og Gloppen.

Desse kan IKKJE søke:
• Offentlige organer (f.eks. kommunar).
• Privatpersoner og enkeltpersonforetak.

NB: Privatpersonar som har kostnader knytt til strandryddeaksjonar kan ta kontakt med Fjordane Friluftsråd, eller søke refusjon hos Hold Norge Rent

2. Kva kan eg søke om tilskot til?

Motivasjonsmidlar skal nyttast til opprydding av marin forsøpling og utgifter knytt til slike aksjonar.

Som t.d.:

  • Transport av frivillige til og frå ryddeområdet.
  • Mat og overnatting i samband med ryddeaksjonar.
  • Leige av utstyr, refusjon av drivstoff og bruk av privat båt/bil/hengar/ATV/traktor

Motivasjonsmidlar kan IKKJE brukast til:

  • Lønn eller administrative utgifter, bruk av motivasjonsmidler skal ikkje undergrave prinsippet om at opprydding skal baseres på dugnad og frivillighet.
  • Prosjekt utanfor Norge.
  • Bestilling av transport og handtering av avfall til godkjent mottak. Dette fakturereres direkte til Fjordane Frilufstråd av godkjent avfallsmottak

Oppgi Fjordane Friluftsråd som fakturamottakar ved levering og handtering av avfall. De kan også nytte våre avfallskonteinere forbeholdt marint eigarlaust avfall.  Sjå oversikt over innleveringsplassar for marint avfall her.

Neste utlysning kjem våren 2025

OPPRYDDING AV MARIN FORSØPLING:

Søknadsskjema

Takk for at de ryddar og bidrar til haldningsendring!

Har du spørsmål. ta kontakt med oss

Skoleturne for Havet - Fjordane Friluftsråd - Fjordanefr.no - Bremanger
Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no - Marfo - senter mot marin forsøpling