Fjordane Friluftsråd
HARDBAKKE: Solund Brygge
FLORØ: Horne Brygge
Postadresse
Fjordane Friluftsråd
Hardbakke 26
6924 Hardbakke
Org.nr.: 918 552 537
Telefon: 994 87 500
E-post: fjordane@friluftsrad.no
Bilete: Egil Aardal
Fredag 25. november deltok elevar frå innføringsklassen på Flora VGS på ein ryddeaksjon i Florølandet. Til tross for kulturelle og språklege barrierar har dei nemleg engasjert seg for miljøet i byen, og nytta dagen til å rydde søppel til inntekt for ein skule i eit av verdas fattigaste land, Malawi. Alle innsamla pengar til OD-dagen ved Flora VGS går til drifta av skulen i Malawi, som har fem yrkesfaglege linjer og nær 100 elevar.
Prosjektet har opphav i ein ungdomsbedrift som starta opp i 2010 og drivast no av 9 elevar og lærar, Tron Ole Hjorthaug.
Det var kontaktlærar Anders Ekelund som tok kontakt med oss for å høyre om dei kunne få hjelp til å arrangere ein ryddeaksjon, og om det var mogleg å tene pengar slik. Vi tok straks kontakt med vårt bedriftsnettverk i Kinn kommune for å finne lokale sponsorar til prosjektet. Det var eit ønkse om å lønne elevane sitt arbeid med kr 400,- kvar, som til saman skulle gje ei total innsamling på kr 17.000,- til prosjekt Malawi. Etter to telefonar var både Kinn kommune og SAR-gruppen med på prosjektet. Det er tydeleg at gjevarlysta i næringslivet er stor når det gagnar miljøet.
«Det er kjekt å kunne være med å bidra i prosjekt som er høgst aktuell og viktig, og at vi kan «gje litt» tilbake i nedslagsfelt der vi er etablert med vår drift» – Gro Lende, SAR-Gruppen