Fjordane Friluftsråd
HARDBAKKE: Solund Brygge
FLORØ: Horne Brygge
Postadresse
Fjordane Friluftsråd
Hardbakke 26
6924 Hardbakke
Org.nr.: 918 552 537
Telefon: 994 87 500
E-post: fjordane@friluftsrad.no
Cargill betalar dusør om du plukkar dei
Fiskefôrfabrikken Cargill i Florø har hatt eit arbeidsuhell – der 100.000 slike gule plastdingsar kom på avvegar.
Skrubbeballane er ein del av luktreinsesystemet på fabrikken. Cargill sette i gang ein stor aksjon for å samle dei inn igjen – men det var dessverre umogleg å samle alt før dei forsvann ut i skjergarden. Vêr, vind og bølger gjer at det no er alt for mange slike skrubbeballar som flyt rundt i Floraskjergarden. Dette har Fjordane Friluftsrådd og Cargill no tatt tak i. Saman har vi fått til ei panteordning – der dei som er flinke å rydde kan tene seg ein god slump med pengar.
Du får 10 kroner i pant per plastball som du plukker og leverer til Fjordane Friluftsråd i Florø.
Roger Auset kan fortelje at dei har funne slike skrubbeballar både på Rota, Ånnøya og Reksta. Det er Cargill – som forureinar – sitt ansvar, og vi er godt fornøgde med at dei no tar grep. Fjordane Friluftsråd organiserer innsamlinga, men det er Cargill som betalar for det.
I Firdaposten kan vi lese om Amalie og Sophia som har samla skrubbeballar og blitt rike. I dag leverte dei 379 stykker til oss, og vil få utbetalt 3790 kroner. Panteordninga er ein god motivasjon for både barn og vaksne til å ta seg ein tur og rydde.
Skrubbeballane må leverast til Fjordane Friluftsråd, som held til i Horne Brygge.
Ikkje nøl med å kontakte oss
GREEN DAY
Kvart år arrangerer alle Cargill sine fiskefôrfabrikkar «Green Day» – der målet er å gje noko tilbake til lokalsamfunnet og nærmiljøet. I år gjekk arrangementet i regi av Fjordane Friluftsråd sin bedriftspakke. Det vart tur med Loyal for å plukke boss ved Ånnøya. Samtidig lanserte dei idéen om ei panteordning for skrubbeballane som dei uheldigvis mista på sjøen i sommar.
Dette er ein god måte for bedrifta å ta ansvar for eiga forureining – samtidig som det er ein god motivasjon for alle som er ute og plukkar.