Friluftsskolen - Selje, Stad kommune

Full rulle med aktivitetar i friluft

I Bremanger, Kinn, Solund, Stad og Stryn

Friluftsskole - Fjordane Friluftsråd, fjordanefr.no, Stryn kommune

Sommaren 2022 arrangerte vi 10 Friluftsskular i kommunane Bremanger, Kinn, Solund, Stad og Stryn. Totalt var det 137 born og unge som var med på Friluftsskulane og her skal du få lese meir og sjå korleis det gjekk.

Friluftsskulane er eit samarbeid mellom Friluftsrådenes Landsforbund og Den Norske Turistforeningen. Aktivitetsopplegget går over 3 dagar og har ei overnatting. I sommar har vi overnatta i gapahuk, lavvo, telt og hengekøye. Vestlandsvêret har også gjort at vi hadde nokre overnattingar inne. I løpet av sommaren har vi vore i Selje, Nordfjordeid, Måløy, Florø, Igland, Ålfoten, Stryn, Innvik og Hardbakke.

Friluftsskole - Fjordane Friluftsråd, fjordanefr.no, Bremanger kommune

Eit eldorado for ulike friluftsaktivitetar

I sommar har vi hatt fleire kjekke aktivitetar som ein kan drive her i regionen vår. Vi har surfa i Hoddevik, padla kajakk på Hornindalsvatnet og i Iglandsvika, padla kano på Langesjøvatnet i Åloten og drive coasteering i Måløy. I tillegg har vi vore i klatrepark og kjørt RIB og dradd krepseteiner i Nordfjord. I Oldebukta padla vi også kajakk, brukte SUP og fiska. Dessverre har vi hatt lite fangst på stanga i sommar, men vi har hatt mykje god mat på bål og i gryte.

Regionen vår byr på heilt eineståande moglegheiter for friluftsliv, både til lands og til sjøs. Vi har fått oppleve unike stader og storslått natur, samstundes som vi har vore på flotte friluftsområder i regionen.

Friluftsskole - Fjordane Friluftsråd, fjordanefr.no, Stryn kommune

Takk for i år!

Ein stor takk til Friluftsrådenes Landsforbund og Vestlandfylkeskommune som gjer det mogleg å gjennomføre Friluftsskulane. Ein stor takk til medlemskommunane våre og dei som har gjort det mogleg å tilby mange deltakarplassar heilt gratis! Vi er også særs takknemleg for alle som har hatt aktivitetar med oss, vore ei hjelpande hand langs vegen og foreldre som stilla opp. Sist men ikkje minst TUSEN TAKK til dei dyktige instruktørane vi har hatt: Jonathan, Ellinora, Ludvig, og Maiken.

Takk for i år, vi gledar oss allereie til neste sommar!

Video og bileter i denne saka er tatt av Ruben Solberg

Støttespelarar