Skrubbeball frå Cargill sin fôrfabrikk i Florø - fjordanefr.no

Har du sett ein gul skrubbeball?

Cargill betalar dusør om du plukkar dei

Fiskefôrfabrikken Cargill i Florø har hatt eit arbeidsuhell – der 100.000 slike gule plastdingsar kom på avvegar.

Skrubbeballane er ein del av luktreinsesystemet på fabrikken. Cargill sette i gang ein stor aksjon for å samle dei inn igjen – men det var dessverre umogleg å samle alt før dei forsvann ut i skjergarden. Vêr, vind og bølger gjer at det no er alt for mange slike skrubbeballar som flyt rundt i Floraskjergarden. Dette har Fjordane Friluftsrådd og Cargill no tatt tak i. Saman har vi fått til ei panteordning – der dei som er flinke å rydde kan tene seg ein god slump med pengar.

Du får 10 kroner i pant per plastball som du plukker og leverer til Fjordane Friluftsråd i Florø.

Roger Auset kan fortelje at dei har funne slike skrubbeballar både på Rota, Ånnøya og Reksta. Det er Cargill – som forureinar – sitt ansvar, og vi er godt fornøgde med at dei no tar grep. Fjordane Friluftsråd organiserer innsamlinga, men det er Cargill som betalar for det.

Amalie og Sophia har plukka seg rike

I Firdaposten kan vi lese om Amalie og Sophia som har samla skrubbeballar og blitt rike. I dag leverte dei 379 stykker til oss, og  vil få utbetalt 3790 kroner. Panteordninga er ein god motivasjon for både barn og vaksne til å ta seg ein tur og rydde.

Skrubbeballane må leverast til Fjordane Friluftsråd, som held til i Horne Brygge.

Amalie og Sophia har rydda skrubbeballar frå Cargill sin fôrfabrikk i Florø - fjordanefr.no

Cargill plukka plast og lanserte panteordning

GREEN DAY

Kvart år arrangerer alle Cargill sine fiskefôrfabrikkar «Green Day» – der målet er å gje noko tilbake til lokalsamfunnet og nærmiljøet. I år gjekk arrangementet i regi av Fjordane Friluftsråd sin bedriftspakke. Det vart tur med Loyal for å plukke boss ved Ånnøya. Samtidig lanserte dei idéen om ei panteordning for skrubbeballane som dei uheldigvis mista på sjøen i sommar.

Dette er ein god måte for bedrifta å ta ansvar for eiga forureining – samtidig som det er ein god motivasjon for alle som er ute og plukkar.

Ryddegjengen frå Cargill sin fôrfabrikk i Florø - fjordanefr.no