Rydd Norge Vestland, Fjordane Friluftsråd, - Samarbeid med Lesja Buldozerlag

Rydd Norge Vestland

Fjordane Friluftsråd sitt ryddelag og Lesja Buldozerlag i samarbeid med vegbygging

OPPRYDNING I SAMARBEID MED VEGBYGGING I SOLUND

Fjordane Friluftsråd har nær dialog og samarbeid med Vestland Fylkeskommune si prosjektleiing på veg og bruprosjektet over Ytre Steinsund i Solund.

Vi har påtatt oss å rydde i forkant av maskinparken, viker som blir berørt av fyllingsfot, viker ein vil sjå frå vegen når den er ferdig. Torsdag drog Rydd Norge Vestland (RNV) laget ut til Guridneset der ein 50 tonns gravemaskin rydda masser etter sprenging. Ryddelaget gjorde her ein formidabel innsats og fekk rydda alt marint avfall i området der ein fyllingsfot skal byggast opp. Det var eit tett og godt samarbeid med entreprenøren Lesja Buldozerlag som hjalp til med å få både personell og søppel frå land til båt. Tiltaket hindrar her innblanding av marint avfall i fyllmassane då dette vert rydda før området vert tildekka.

Eit flott samarbeid som seier noko om korleis dette bør fungere ved utbygging.

Rydd Norge Vestland, Fjordane Friluftsråd, - Samarbeid med Lesja Buldozerlag
Rydd Norge Vestland, Fjordane Friluftsråd, - Samarbeid med Lesja Buldozerlag