Passion for Ocean-festivalen kjem til havbyen Florø! ­­­

LAURDAG 11. JUNI

Det er på høg tid at Norges vestlegaste by får sin eigen Passion for Ocean-festival, slår Thea Båtevik fast. Ho er til dagleg fagleg leiar for marin forsøpling i Fjordane Friluftsråd, men har tidlegare vore delaktig i fleire Passion for Ocean-festivalar. I 2019 var Thea assisterande festivalsjef i Bergen. No vil ho arrangere festivalen i Florø, gjennom jobben sin i frilufttsrådet.

Festivalen går over ein dag – laurdag 11. juni – og er fullspekka med aktivitetar og læring for store og små.

Passion for Ocean er ein hyllest til havet!

Bryggekanten blir fyllt opp av ulike aktørar som anten vil lære vekk viktig kunnskap om livet i havet – eller som vil stå for kjekke aktivitetar knytta til havet. Thea fortel at det kan vere alt frå akvarium, der ein kan sjå og ta på  sjødyr og andre ting som rører seg under havflata. Det kan blir tur med Eliasbåten, sjøfartshistorie, ein vanvittig god konsert og noko så spennande som disseksjon av eit sjøpattedyr.

Havbyen Florø har mykje kjekt i vente – og Fjordane Friluftsråd er glade for å ha fått Byen Vår Florø med på laget. Det er viktig å ha med nokon som kjenner byen godt.

Passion for Ocean - foto Helge Brekke • fjordanefr.no

Kva er Passion for Ocean?

Passion for Ocean - logo

Passion for Ocean-festivalen handlar om å feire havet og alt det betyr for oss.

Ved å vise folk kva som lever i havet og introdusere folk for aktivitetar ein kan drive med, både på og i havet vil folk få ei sterkare tilknytning til det.

Ein vil jo ta vare på det ein er glad i, smiler Thea. Dette trur vi vil bygge opp folk sin indre motivasjon til å ta vare på havet og kysten vår.

For Fjordane Friluftsråd vil dette vere eit av fleire førebyggande tiltak i arbeidet med marin forsøpling. Festivalen blir gjennomført med støtte frå Handelens Miljøfond og Miljødirektoratet sine midlar til tiltak mot marin forsøpling.

Har du innspel – eller vil du vere med som frivillig 11. juni – ta kontakt:

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Søk om motivasjonsmidlar no!

SØKNADSFRIST 24. FEBRUAR

Fjordane Friluftsråd lyser ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Her inviterer vi lag/organisasjonar, bedriftar og skular til å søkje om midlar til tiltak som kan vere med å bekjempe forsøpling i naturen. Midlane kan brukast til å dekke kostnadar knytt til ryddeaksjonar eller førebyggande tiltak.

Delar av midlane kan òg gå til premiering/inntekt til til dømes ein innsamlingsaksjon til skuletur etc.

1. Kven kan søke om tilskot?

  • Stiftingar registrert i einheitsregisteret, frivillige og ideelle organisasjonar.
  • Private verksemder, som ikkje er enkeltpersonforetak.
  • Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan.
  • Foreiningar / lag, som t.d.: skular, korps, idrettslag, bygdelag, avfallsselskap osv.

Vi delar ut midlar til tiltak i medlemskommunene våre og tilgrensande kommuner; Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad, Stryn, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Fjaler, Sunnfjord og Gloppen.

Desse kan IKKJE søke:
• Offentlige organer (f.eks. kommunar).
• Privatpersoner og enkeltpersonforetak.

NB: Privatpersonar som har kostnader knytt til strandryddeaksjonar kan ta kontakt med Fjordane Friluftsråd, eller søke refusjon hos Hold Norge Rent

2. Kva kan eg søke om tilskot til?

  • Prosjekt med hensikt å førebygge marin forsøpling f.eks. informasjonskampanjar, utvikling av rettleiingssmateriell retta mot spesifikke grupper.
  • Delar av tilskotet kan gå til premie/inntekt til organisasjon/lag/skuleklasse. Til dømes til ein innsamling til skuletur, innkjøp av utstyr til bygdelaget osv.
  • Opprydding av marin forsøpling og utgifter knytt til slike aksjonar.

Som t.d.:

  • Transport av frivillige til og frå ryddeområdet.
  • Mat og overnatting i samband med ryddeaksjonar
  • Transport av avfall til godkjent mottak etter opprydding av marin forsøpling.
  • Leige av utstyr, refusjon av drivstoff og bruk av privat båt/bil/hengar/ATV/traktor.

Motivasjonsmidlar kan IKKJE brukast til:

  • Lønn eller administrative utgifter, bruk av motivasjonsmidler skal ikkje undergrave prinsippet om at opprydding skal baseres på dugnad og frivillighet.
  • Prosjekt utanfor Norge.

3. Søk her

FRIST 24. FEBRUAR 2022

Om du ønskjer å søke, kan du svare på følgjande spørsmål – og sende svara til fagleg leiar for marin forsøpling.

Opprydding av marin forsøpling: 
  1. Fortell oss litt om kven som søkjer.
  2. Kva område har de tenkt til å rydde?
  3. Kor mange (ca.)?
  4. Når vil aksjonen finne stad?
  5. Kva treng de hjelp med? F.eks. transport, henting og levering av søppel, utstyr, mat til dagen (grill?), osv.
  6. Kva forventer de å oppnå med dagen?
  7. Vil du adoptere ei strand?: Holdnorgerent. Ved å adoptere ei strand tar de ansvar år etter år for å rydde jamnleg på dette området.
Førebyggande tiltak:
  1. Kven rettar prosjektet seg mot?
  2. Kva er ideen din? Vennligst beskriv det for oss!
  3. Kvifor er det viktig å endre haldningar i nettopp denne målgruppa?
  4. Kva vil du oppnå med ideen din?

Send søknaden til oss, innan 24.2.2022