lasse@friluftsrad.no
Lasse Lund
Nestleiar
Leiar/Skippar
Skjergardstjenesta
Skjergardtenesta har fått midlar til ROV – ein undervannsrobot som skal bidra med å rydde hamnområder og kystlinjer for bildekk, spøkelsesteiner, søkkte båtvrak og annet marin avfall.
Marin forsøpling er eit alvorleg globalt problem som har omfattande negative konsekvenser for miljøet og marint liv. Avfall som havner i havet kan omfatte alt frå plast og metall til kjemikalier og biologisk avfall.
Marin forsøpling, spesielt plast, har alvorlege konsekvensar for marint liv. Dyr utsettes for store lidelser og kan døy dersom dei spiser eller blir sittande fast i plast eller anna avfall. Rydding bidrar til å redusere dødsfall og skadar på marine artar og sikrar at dei biologiske prosessane i havet fungerer som dei skal.
Rydding av hamner og kystlinjer bidrar til ein betre miljøkvalitet og styrkar den generelle helsa til havet. Samtidig vil det å fjerne marin avfall bidra til å redusere mengda mikroplast og farlege kjemikaler.
Rov vil ha ei avgjerande rolle i arbeidet med å rense havbotnen for marin forsøpling. Robotens evne til å navigere i vanskelege og krevjande områder gjer dei ideelle til å handtere marin avfall som ligger på havbotnen. Roboten er utstyrt med kamera, lys, sensorar og manipulatorarmar, som gjer det mogleg å utføre oppgåver på havbotnen, ved å lokaliserer og ta opp gjenstander som krabbeteiner, bildekk, båtvrak og anna marin forsøpling på havbotnen.
Nokre av fordelane med å bruke ROV i kampen mot marin forsøpling er at roboten kan operere i farlege områder utan å sette menneskeliv i fare. Dei kan nå djupare og områder som ville vore utilgjengelege eller risikable for dykkarar. ROV kan dekke store områder og utføre oppgåver raskt og nøyaktig, noko som gjer dei svært effektive for oppgåver som å samle opp avfall på havbotnen.
Kontakt oss:
Click here to add your own text