Rydde Torskangerpollen, Vågsøy

Bli med og hold det marine miljøet fri for boss! 13.- 22. september arrangerast Strandryddeveka- vi vil ha deg med på laget!
21. september kan du bli med på ein lavterskel strandryddeaksjon, ope for alle.

Oppmøte er Gravdal skule Torskangerpollen, Vågsøy, kl 13.

Ta på deg gode klede og sko.
Hanskar og ryddesekkar blir delt ut.
Velkomen!

Arrangementet arrangerast i samarbeid med lokale, Handelens Miljøfond, Sparebankstiftinga, Miljødirektoratet, Hold Norge Rent og Vestland fylkeskommune.

Like fin som før - Likefinsomfør - Hold Norge Rent - Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Arranger di eige ryddeaksjon!

Vil du arrangere eige aksjon?
Bli med på strandryddeveka! Strandryddeveka er ikkje eit stort arrangement, men mange små i heile Norge. Rettare sagt er Strandryddeveka ein nasjonal kampanje, som alle kan bli med på. Det er heller ikkje snakk om å ha ein aksjon i heile den perioden; ein aksjon på ein time eller to en dag er meir enn bra nok.

Sjå våre nettsider for kor du kan finne ryddeutstyr og kor du kan levere bosset. Sjekk gjerne og vår facebookside for informasjon.

Registrer i Rydde når du planlegg ryddeaksjon, slik at fleire kan vere med. Etterregistrer i Rydde med antall deltakera, ca mengde kg og kor de plukka. Under «ryddeknagg», legg til «FjordaneFriluftsråd», mens under «tilskuddsknagg», velg «FjordaneFriluftsradTilskudd2024». Dette er viktig for nasjonal statistikk over frivillig rydding i Norge, og for vår oversikt ved rapportering.

Ta med deg hanskar og ryddesekkar, og rydd der du er!

Gratis utstyr og enkel handtering av avfall

Vi distribuerar gratis sekker og hansker til dei som vil ha. Og avfallet ein har rydda kan ein enkelt levere i konteinarane vi har utplassert i våre medlemskommunar.

Dei som ynskjer tilgang til konteinaren kan finne det her.

Har du spørsmål knytta til aksjonen?

Ta kontakt: