roger@friluftsrad.no
Roger Auset
Friluftspedagog
Prosjektleiar Skuleturné for havet
Kjære lærar,
Vil du gjere undervisninga meir engasjerande og gje elevane dine ei unik læringsopplevelse? Då har vi det perfekte tilbodet for deg!
Vi inviterer deg til å delta i vårt spennande miljøprosjekt! Saman kan vi skape ein meir berekraftig framtid og gje elevane dine ein sjanse til å lære om miljøet på ein praktisk og morosam måte.
Din skule kan også søkje om midlar til gjennomføring av tiltak mot marin forsøpling. Meir informasjon i knappen under.
Eit førbyggande prosjekt
Fjordane Friluftsråd reiser på Skuleturné for havet. Turneen starta hausten 2021 og har hatt stor suksess dei følgande åra. I løpet av skuleåret 2024-2025 skal vi fortsette turneen og besøke våre medlemmskommunar; Solund, Hyllestad, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad og Stryn. Vi tilbyr undervisning om plasten sitt miljøproblem og marin forsøpling i klasserommet, og tar elevene med på ryddeaksjonar i nærmiljøet. Kombinasjonen av teori og praksis gir elevene god innsikt i miljøproblemet sin kompleksitet både lokalt og globalt. Sluttrapport for Skuleturné for havet 2021/2022 kan du lese ved å klikke på den blå knappen under.
Prosjektet er finansiert gjennom prosjektmidlar frå Miljødirektoratet og Handelens Miljøfond, og er heilt gratis for skular å bli med på.
Klar for å gjera ein forskjell? ‘Skuleturne for havet’ gjev elevar moglegheita til å bli aktive miljøvernarar. Vi inviterer til spennande føredrag om plast, praktiske øvingar og ekte strandrydding. Saman kartlegg vi plastproblemet og utviklar løysingar for ei meir berekraftig framtid. Ver med å rydda havet, eitt strandengasjement av gongen!
«Vi i friluftsrådet meiner at naturen er viktig for alle. Når vi kombinerer rydding med gode opplevingar, viser vi at vi høyrer saman med naturen. Fordi folk tek betre vare på det dei er glad i.»
Kunnskap og forståing:
Ferdigheiter:
Haldingar og verdiar:
Døme på konkrete utbytte:
Adopter ei strand, ei elv, ei øy, eit vassdrag…
Min bit av Norge er ei nasjonal ordning der alle kan adoptere ei strand, ei elv, ei øy, eit vassdrag eller eit anna område i sitt nærmiljø, og ta vare på dette gjennom å rydde jamleg og førebygge slitasje og forsøpling. Ved å velje seg ein bit av Norge forpliktar ein seg til å regelmessig rydde opp forsøpling langs eit fast område. Ein skal rydde minst tre gongar i året, og registrere det ein finn i RYDDE.
Vi inviterer samtlege skular til å implementere denne ordninga i si undervisning. Fjordane Friluftsråd bidrar med rådgjeving og ekspertise omkring arrangering av ryddeaksjonar og tips til undervisningsmateriell. Les meir om Min bit av Norge.