roger@friluftsrad.no
Roger Auset
Prosjektleiar
Skuleturné for havet
Fjordane Friluftsråd i samarbeid med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
«Skuleturné for havet» er eit førebyggande pilotprosjekt, som vi driv i lag med Naturvernforbundet, fortel Roger Auset, som er prosjektkoordinator. Vi køyrer prosjektet i medlemskommunene våre Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stadt og Stryn – og tilgrensande kommunar; Gloppen, Høyanger, Hyllestad, Sunnfjord, Fjaler og Gulen. Vi har fått svært god respons frå skulane.
Bakgrunnen for prosjektet er å auke skulane sin kompetanse på plast og marin forsøpling og tilby ressursar til å gjennomføre trygge ryddeaksjonar med eller utan oss. Skulane har vist stor interesse for å sette av tid til dette, og set pris på at vi kan bidra med både teoretisk undervisning og praktisk gjennomføring av kortare eller lengre ryddeaksjoner.
Ikkje minst, så set elevane stor pris på å få lære meir om marin forsøpling – og å vere med og gjere ein innsats. Vi har sendt ut invitasjon til alle skulane i det gamle fylket, og responsen har vore kjempegod. Vi tilbyr eit opplegg der vi kjem på besøk i klassane og har ei undervisningsøkt om marin forsøpling og viser konkrete problem som oppstår som følge av alt som flyt rundt i havet.
Elevane har eit stort engasjement for plast i havet, og etter at vi har tatt oss av den teoretiske delen går turen vidare til eit eigna naturområde i nærleiken av skulen. Vi tilpassar opplegget etter alder på elevane og kvar dei held til. Somme gonger går turen med buss, medan det andre plassar er nødvendig med båt for å finne ein eigna plass for standrydding. Hovudinnsatsen er haust og vår, men på høgste vinteren med surt vêr er det fint å drive med inneundervisning, der vi formidlar tema med andre verkemiddel.
Elevane er ivrige etter å rydde opp, og innsatsen er stor i alle aldersgrupper. Skuleturné for havet rettar seg mot alle, frå 1. klasse på barnetrinnet til vidaregåande skular. Berre denne hausten kan prosjektet vise til 4,5 tonn søppel som er plukka opp frå fjæresteinane. Dei eldste er sjølvsagt meir effektive enn dei yngre elevane – men det viktigaste her er ikkje kilo og tonn, men at elevane ser samanhengen mellom eige forbruk og funn i fjæra.
Målet er at elevane skal vere med og stoppe straumen av plast og anna avfall som endar i naturen. I følgje Roger er denne arbeidsmetoden – den beste for å gjere elevane bevisste på samanhengen mellom kva vi gjer – og korleis framtida på jorda vil bli.
Eller har du spørsmål om «Skuleturne for havet»?
Kontakt oss: