Søk midlar til friluftslivetsår 2025

SØKNADSFRIST 16. MAI

I samband med Friluftslivets år 2025 har styret i Fjordane Friluftsråd sett av 250 000kr av oppsparte midlar til støtte for prosjekt og initiativ som fremjar friluftsliv i våre kommunar. Målsetjinga er å tilretteleggje for og oppmode innbyggjarane til å bruke naturen meir aktivt, og skape berekraftige løysingar som aukar interessa og deltakinga i friluftslivsaktivitetar i åra som kjem.

1. Kven kan søke?

Alle som har eit prosjekt som fell inn under dette føremålet kan søkje på midlar. Dette kan til dømes vere:

  • Tilrettelegging av uteområde
  • Etablering av nye stiar
  • Organisering av turar og aktivitetar
  • Utvikling av andre løysingar for friluftsliv

Vi tildeler midlar på inntil 10 000kr pr prosjekt.

Vi delar ut midlar til tiltak i medlemskommunene våre: Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad, Stryn og Hyllestad.

2. Slik søker du

Vi oppmodar alle til å tenkje kreativt og langsiktig – kva kan gjerast for å inspirere innbyggjarane til å kome ut i naturen, og korleis kan friluftsliv bidra til både fysisk og mental helse i kommunen? Vi ser fram til å støtte prosjekt som skaper varige verdiar for lokalsamfunnet.

Gjerne legg dette ved søknaden:

  • Skildring av prosjektet sitt føremål og korleis det vil fremje friluftsliv i kommunen.
  • Plan for gjennomføring og varigheit av prosjektet.
  • Berekraftig tilnærming og korleis prosjektet vil bidra til langvarig interesse for friluftsliv.
  • Budsjett som viser korleis midlane skal brukast.
  • Eventuell medfinansiering eller samarbeid med andre aktørar.

Slik søker du: Send søknaden til jens.petter@friluftsrad.no

Vi tek imot søknadar frå no og fram til 16. mai.

Vi ønskjer å bidra til at fleire får høve til å oppleve gleda ved friluftsliv – for no og i framtida!

Send søknaden før 16.05.2025