
Foto: Eliah Lillis
Fjordane Friluftsråd og Byen vår Florø inviterer til byrydding rundt Florø sentrum den 31. januar.
Bli med på tur og hald byen vår like fin inn i 2026!
Turen startar og sluttar ved Florø rådhus. Den planlagde ruta går i ei sløyfe på om lag 4 km rundt om i byen. Det blir òg servert kaffi og bollar. Vidare er det høve til å bli med på ei lita trekning med premie, sidan vi registrerer turen i telefonappen Stikk UT! Målet er å rydde byen for boss som har bygd seg opp i gatene dei siste månadene.
Vi stiller med hanskar og sekkar til disposisjon. Så alt du treng å ta med er varme klede og godt humør. 😊
Kom gjerne med innspel dersom du har sett ein stad som treng ei kjærleg hand.
Hugs å ta med telefonen så du får registrert turen på Stikk UT! og vere med i trekninga.
Arrangementet varer frå kl. 12.00 til 14.00.
