Strandrydding

Arranger ein ryddeaksjon

For å rydde strand, elv, bygd og by m.m. er vi avhengig av frivillig arbeidskraft! Vi oppmuntra alle til å arrangere ein strandryddeaksjon; skular, bedrifter, organisajonar, lag, kommunar og enkeltpersonar. Du kan plukke søppel langs vegen når du går ut på tur, eller organisere ein større aksjon til ein holme ute i havgapet. Under ligge rettleiingspunkt som er nyttige.

Treng du hjelp? Ta kontakt med oss, så hjelpe vi deg!

Før rydding

  1. Velg et område. Gå inn på RYDDENORGE for å:
    • Finne forsøpla område som andre har registrert
    • Opprette din eigen ryddeaksjon
  2. Vil du ha med fleire på rydding? Spør rundt i ditt område om noen ønskjer å bli med. Eventuelt høyr med lokale organisasjonar om dei ønskjer å bidra. Du kan også ta kontakt med oss i Fjordane Friluftsråd for å lage ein felles aksjon.
  3. Velg en dato og promotere det! Bruk @FjordaneFriluftsråd og #RyddFjordane slik at vi kan dele arrangementet/bilde/innlegget.
  4. Sørg for å ha nødvendig utstyr. På utstyrslagra våre kan du hente sekkar og hanskar gratis.
  5. Planlegg korleis du skal handtere avfallet. Sjå kva for nokre «innleveringsplassar» du kan benytte deg av i området. Er det langt til næraste innleveringsplass? Ta kontakt med oss i forkant av aksjonen for å få hjelp til å handtere avfallet.
  6. Søk om motivasjonsmidler!
    Lag, organisasjonar og bedrifter kan søke om motivasjonsmidlar for å dekke kostnader knyttet til strandrydding. Desse kan brukast til å dekke for eksempel transport og mat til ryddarane. Er du privatperson? Ta kontakt med oss for refusjon av kostnadar i samband med ryddeaksjonar – eller søk Hold Norge Rent si refusjonsordning.
  7. Vi hjelper deg gjerne! Ta kontakt om du har spørsmål.

Under rydding

  1. Ta bilde av området før og etter du har rydda, og andre bilde du vil ha frå dagen.
    Om du deler bilde i sosiale medier bruk @FjordaneFriluftsråd og #RyddFjordane
  2. Ver forsiktig! Det kan vere glatte svaberg og steinete strender. Pass også på om du finn beholdar med flytande væske, spisse eller skarpe ting eller medisinar når du ryddar. Desse må behandlast med forsiktigheit og skal ikkje handterast av barn.
  3. Ta sekkane med deg eller (om du har avtalt henting med oss) plasser sekkane slik at ikkje vêr og vind bles det du har rydda tilbake i hav og natur. F.eks. legg tunge steinar på sekkane.

Etter rydding

  1. Ta med avfallet til ein «innleveringsplass» nær deg. Treng de hjelp til handtering av avfall? Ta kontakt (helst før dere rydder)!
  2. Registrer tal sekkar/kilo de har rydda på Ryddenorge. Bruk «ryddeknagg» #FjordaneFriluftsrådTilskudd2023
  3. Vil du vere ein folkeforskar? Registrer funna dine i Ryddenorge. I registreringsskjemaet som skal fyllast ut etter aksjonen skal de beskrive kva de har funne (mengde og type). Då kan det vere lurt å ha laga seg ei viss oversikt undervegs, eventuelt sortere sekkane med f.eks. ein sekk med plastflasker, ein sekk med tau m.m.

RYDDETIPS:

  • Hold Norge rent sine ryddetips
  • Ha med deg kniv.
    Nokre gonger finn ein store garn og tau som sitte fast mellom steinar. Det kan vere behov for å kutte desse opp i mindre bitar.
  • Ikke putt skarpe ting i ryddesekkane. Desse kan skrape opp både deg som ryddar og øydelegge sekkane. Putt skarpe ting i eigen beholder. Du kan for eksempel lage ein opning i ein plastdunk med kniv.
  • Nokre gonger finn ein farlege ting som ein ikkje burde rydde: Gasstankar, granater, ampuller ++. La desse ligge, og meld i frå til Fjordane Friluftsråd.

MOTIVASJONSMIDLAR 2024

Søknadsfrist 1. september

Fjordane Friluftsråd lyser ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Her inviterer vi lag/organisasjonar, bedriftar og skular til å søkje om midlar til tiltak som kan vere med å bekjempe forsøpling i naturen. Midlane kan brukast til å dekke kostnadar knytt til ryddeaksjonar eller førebyggande tiltak.

1. Kven kan søke om tilskot?

  • Stiftingar registrert i einheitsregisteret, frivillige og ideelle organisasjonar.
  • Private verksemder, som ikkje er enkeltpersonforetak.
  • Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan.
  • Foreiningar / lag, som t.d.: skular, korps, idrettslag, bygdelag, avfallsselskap osv.

Vi delar ut midlar til tiltak i medlemskommunene våre og tilgrensande kommuner; Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad, Stryn, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Fjaler, Sunnfjord og Gloppen.

Desse kan IKKJE søke:
• Offentlige organer (f.eks. kommunar).
• Privatpersoner og enkeltpersonforetak.

NB: Privatpersonar som har kostnader knytt til strandryddeaksjonar kan ta kontakt med Fjordane Friluftsråd, eller søke refusjon hos Hold Norge Rent

2. Kva kan eg søke om tilskot til?

  • Prosjekt med hensikt å førebygge marin forsøpling f.eks. informasjonskampanjar, utvikling av rettleiingssmateriell retta mot spesifikke grupper.
  • Opprydding av marin forsøpling og utgifter knytt til slike aksjonar.

Som t.d.:

  • Transport av frivillige til og frå ryddeområdet
  • Mat og overnatting i samband med ryddeaksjonar
  • Transport av avfall til godkjent mottak etter opprydding av marin forsøpling
  • Leige av utstyr, refusjon av drivstoff og bruk av privat båt/bil/hengar/ATV/traktor

Motivasjonsmidlar kan IKKJE brukast til:

  • Lønn eller administrative utgifter, bruk av motivasjonsmidler skal ikkje undergrave prinsippet om at opprydding skal baseres på dugnad og frivillighet
  • Prosjekt utanfor Noreg

Her kan de søke motivasjonsmidlar

Søknadsfrist 1. september 2024

Fyll ut skjema:

"*" obligatorisk felt

Kven søkjer? (Kontaktperson)*
Oppgi kontonummer til søkjer
Kva kommune skal dykk rydda?*
MM slash DD slash YYYY
Kryss av*

Takk for at dykk ryddar og bidrar til haldningsendring!

Kryss av*
Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Kartlegging av eigarlaust avfall

Fjordane Friluftsråd driv med kartlegging av forsøpla område i fjordstrøk av tidligare Sogn og Fjordane. Ettersom vi bur i eit vidstrakt fylke er vi avhengige av at lokale folk melder inn forsøpla område til oss eller på ryddeportalen. Per i dag så har vi mange flinke personar som tar kontakt med oss for område vi bør sjekke ut eller område som treng rydding. Vi utfører fleire kartleggingstokt sjølve, men dette er ikkje nok til å dekke alle vikar, våger, fjordarmar og andre finurlige stader avfallet har enda opp.

Veit du om eit forsøpla område i nærmiljøet ditt?

Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Om DU ser eit område som er forsøpla, eller større gjenstander i fjæra, så ver så snill registrer området på ryddenorge.no /appen RYDDE, eller gi oss i Fjordane Friluftsråd beskjed. Ved å melde ifrå om/inn området vil vi få informasjon om kvar det trengs å bli rydda, og området vil bli prioritert for opprydding. Ta gjerne bilde av korleis det ser ut på området og laste opp når du registrerer på ryddeportalen.

Rutine ved funn av forsøpla område:

  1. Finn eit forsøpla område, ta bilde av korleis det ser ut.
  2. Ta kontakt med med oss eller registrer funn på ryddenorge.no eller appen RYDDE
  3. Føl på ei god samvittigheit ovenfor det viktige arbeidet du har gjort!

Utstyrslager til strandrydding

Du kan få alt du treng av utstyr frå oss, som hanskar og sekkar.
Vi har utplassert utstyr i Askvoll, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Kinn, Solund, Stad, Stryn og Gulen.

Om du skal rydde i andre område kan du ta kontakt med oss for å få tilsendt utstyr. Vi jobbar også med å få på plass fleire utstyrslager i fylket. Har du ein plass som passar til å vere utstyrslager? Ta kontakt!

Hanskane kan gjenbrukast! Vask dei i 40 grader.

OBS: det arbeidast med å få sendt ut utstyr til våre utstyrslagera.

Joker Værlandet

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Opningstider: Måndag-Fredag kl. 10.00-17.00; Laurdag kl. 10.00-14.00; Søndag kl. 11.30-16.30 (perioden 1. juli-20. aug)

Askvoll kommunehus

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Opningstider: Måndag-Fredag 08.00-16.00 (1. okt-30. apr); 08.00-15.00 (1. mai-30. sept)

Askvoll Gjenvinningsstasjon Olsetvikane

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Opningstider: Måndag kl. 12.00-18.00

Kystplanke Askvoll

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Plassering i gjestehamna i Askvoll – på huset med venterom på fergekaia
  • Opningstider: Heile døgnet

Joker Atløy

  • Utstyr: hanskar og sekkar

Joker Kvammen

  • Utstyr: sekkar
  • Opningstider: Måndag-Fredag kl. 10.00 – 18.00; Laurdag kl. 10.00 – 17.00

SPAR Bremanger

  • Utstyr: strandryddesekkar
  • Adresse: Grotlevegen 133, 6726 Bremanger
  • Opningstider: Måndag-Fredag 08.00 – 20.00, Laurdag: 08.00 – 18.00

Bremanger kommune servicetorg

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Adresse: Granden 4, 6723 Svelgen
  • Opningstider: man-fre kl. 08.00 – 15.30

Nomil Smørhamn miljøstasjon ved Kalvåg

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Gjenbruksstasjonen i Ytre Bremanger ligg ved ferjekaia i Smørhamn
  • Opningstider: Tysdag kl. 13.30 – 19.00

Kystplanke i Kalvåg sentrum

  • Utstyr: sekkar
  • Ved turistinformasjon i Kalvåg sentrum (nær Sparbutikken)
  • Opningstider: heile tida
  • Ta kontakt med Ann Irene Gulestøl tlf: 975 28 561

United World College Red Cross Nordic, Flekke

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Opningstider: Måndag-Fredag kl. 08 – 16.00
  • Ta kontakt med Judit Dudas, sustainability team leader; tlf: 474 50 720

NOMIL Gjenbruksstasjon Eidsmona

  • Utstyr: sekkar
  • Ligg ved setralmottaket til NoMil i Eidsmona
  • Opningstider: Måndag kl. 10.00 – 15.00; Torsdag kl. 15.00 – 19.00

Upscale – Gjenbruksbutikk Sandane

  • Utstyr: Sekkar
  • Upscale held til i Sandane. Adresse: Grandavegen 32, 6823 Sandane
  • Opningstider: Måndag-Fredag: 10-16:30; Laurdag: 10-15:30

Fjordane Friluftsråd – Horne Brygge kontor og kystplanke

  • Kystplanke utenfor vårt kontor, mot Florø gjestehamn, evt ta kontakt med oss på kontoret
  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Adresse: Strandgata 15
  • Ring 48222238

Servicetorget på Samfunnshuset

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Opningstider: Måndag til Fredag kl. 09.00 – 15.00

Visit Fjordkysten Turistkontor

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Opningstider: Måndag til Fredag kl. 10.00 – 15.00
  • Strandgata 30, 6905 Florø

SAR Renovasjonsselskap

  • Utstyr: sekkar
  • Opningstider: Måndag til Fredag kl. 08.00 – 15.30

Svanøy Kro

  • Utstyr: sekkar
  • Opningstider: Måndag – Torsdag kl. 08.00 – 21.00, Fredag – Laurdag kl. 08.00 – 23.00

Nærbutikken Svanøy Handel

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Opningstider: Måndag-Fredag kl. 10.00 – 17.00, Laurdag 11.00 – 17.00, Søndag 15.00 – 16.00

Spar Eikefjord

  • Utstyr: sekkar
  • Opningstider: Måndag-Fredag kl. 0800-2100

Kommunehus i Måløy

  • Utstyr: hansker og sekkar
  • Opningstider: Måndag-Fredag kl. 09.00 – 15.00

Kystplanke i Måløy

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Opningstider: heile døgnet

Vedvik gjenbruksstasjon

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Gjenbruksstasjonen i Måløy ligg ved Vedvik på Nordvågsøy
  • Opningstider: Måndag kl. 15.00 – 19.00 og Torsdag kl. 11.00 – 15.00

Fjordane Friluftsråd Kontor i Hardbakke

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Solund Brygge
  • Opningstider: Måndag-Fredag kl. 08.00 – 16.00

Gjenbruksbutikken i Hardbakke

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Ligg i næringsbygget i Hardbakke
  • Opningstider: Tysdag, Torsdag, Fredag kl. 11.00 – 16.00; Laurdag. kl. 11.00 – 15.00

Nærbutikken Nåra, Ytre Sula

  • Utstyr: sekkar
  • Ligg på kaia i Nåra
  • Opningstider: Måndag – Torsdag kl. 09.30 – 17.00; Fredag. kl. 09.30 – 18.30; Laurdag. kl. 09.30 – 16.30

NOMIL Gjenbruksstasjon Kommunelagret, Selje

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Ligg på kommunen sitt område (kommunelageret) sør for Selje sentrum
  • Opningstider: Tysdag kl. 15.30 – 20.00; Torsdag kl. 12.00 – 15.30

NOMIL Gjenbruksstasjon, Nordfjordeid/Haugen

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Gjenbruksstasjonen på Nordfjordeid ligg på Ortra sitt område på Haugen
  • Opningstider: Tysdag kl. 16.00 – 19.00; Torsdag kl. 09.00 – 15.00

Stad kommune innbyggjartorget, Selje / Selje Frivilligsentral

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Opningstider: Måndag-Fredag kl. 09.00 – 15.00

Stad rådhus – servicekontoret, Eid

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Opningstider: Måndag-Fredag kl. 08.00 – 15.30

NOMIL Gjenbruksstasjon Svarstad

  • Utstyr: hanskar og sekker
  • Ligg på området til Tenden Miljø. Det er også Tenden Miljø som driftar stasjonen for NoMil.
  • Opningstider: Tysdag kl. 12.00 – 19.00; Torsdag kl. 12.00 – 19.00

Servicekontoret i Stryn

  • Utstyr: hanskar og sekkar
  • Opningstider: 09.00 – 15.00
  • Adresse: Tonningsgata 4, 6783 Stryn

Frivilligsentralen i Gulen

  • Utstyr: hanskar og sekkar

Innleveringsplassar

Vi organiserer innleveringsplassar for eigarlaust avfall i alle våre medlemskommunar. Det er gratis å levere eigarlaust søppel frå frivillig rydding av kyst, fjord, vassdrag, by og bygd!

Lista blir fortløpande oppdatert med nye kontainerar, og om du manglar ei løysing for levering av det eigarlause avfallet du har samla i ditt lokalmiljø – kontakt oss! 

Før du leverer avfall, må du registrere aksjonen din i Rydde – husk å velge Fjordane Friluftsråd som tilknytta organisasjon.

Om du vil levere eigarlaust avfall i ein av våre lukka kontainerar, bruka du koden 9714 for å få tilgang.

For kontainer ved Joker Kvammen, er koden 09714.

For kontainer ved Askvoll småbåthamn, er koden 175.

For kontainer ved Herland kai, er koden 971.

Gi oss gjerne beskjed når det er tid for tømming av dei: 482 22 238 / 948 00 969

Takk for innsatsen!

SUM Gjenbruksstasjon i Olsetvikane, Askvoll

  • Opningstider; måndag 12:00 – 18:00
  • Gratis levering
  • Du må vise at aksjonen er registrert i Rydde

Askvoll båthavn

  • Strandryddekonteinar med kodelås

Kystplanke Askvoll

  • Kystplanke for levering av ein og ein ryddesekk – ligg med småbåthavna i Askvoll sentrum, på baksida av ventrommet på fergekaia.
  • Opningstider: heile døgnet
  • Gratis levering

Offentleg kontainer hos Værlandet Fiskeredskap

  • Open kontainer
  • Opningstider: heile døgnet
  • Gratis levering

Joker Kvammen

  • Lukka strandryddekonteinar med kodelås
  • Kontakt: 482 22 238

Herland båthavn, Atløy

  • Strandryddekonteinar med kodelås

NOMIL Smørhamn Gjenbruksstasjon

  • Gjenbruksstasjonen i Ytre Bremanger – ligg ved fergekaia i Smørhamn
  • Opningstider: Tirsdag kl 13.30 – 19.00
  • Gratis levering

Kystplanke Kalvåg

  • Kystplanke for levering av ein og ein ryddesekk – ligg ved Turistinformasjonen i Kalvåg
  • Opningstider: heile døgnet
  • Gratis levering

Struen, Hauge

  • Strandryddekonteinar med kodelås

Rugsund

  • Ved brannstasjon
  • Strandryddekonteinar med kodelås

NOMIL Gjenbruksstasjon Eidsmona

  • Ligg ved setralmottaket til NOMIL i Eidsmona
  • Opningstider: Mandag kl. 10.00 – 15.00; Torsdag kl. 15.00 – 19.00
  • Gratis levering

Offentleg kontainer ved Kringleskjæret i Florø sentrum og Havreneset småbåthavn i Klubbevika

  • Lukka kontainer- ta kontakt med oss for koden
  • Kontakt: 482 22 238
  • Opningstider: open heile døgnet med kode
  • Gratis levering

SAR Renovasjonsselskap

  • Gjenviningstasjon ved Botnaneset, litt aust for Florø sentrum
  • Opningstider: Mandag – Fredag kl. 8.00 – 15.30
  • Gratis levering

NOMIL Purkehola gjenbruksstasjon, Florø

  • Gjenbruksstasjon for Florø – ligg langs vegen mellom Florø og Førde
  • Opningstider: Mandag og Onsdag kl. 13.00 – 19.00, Torsdag kl. 10.00 – 15.00
  • Gratis levering

Strandryddespann på Svanøy ferjekai

  • Lukke søppelspann til strandryddeavfall – nøkkel inne på kro
  • Opningstider: alltid open med kode
  • Gratis levering

Reksta, Rognaldsvågen:

  • Open strandryddekonteinar

Fanøy ferjekai

  • Lukka strandryddekonteinar med kodelås
  • Kontakt: 482 22 238

Askrova ferjekai

  • Open strandryddekonteinar

NOMIL Vedvik gjenbruksstasjon

  • Gjenbruksstasjon for Måløy – ligg ved Vedvik nord på Vågsøy
  • Opningstider: Mandag kl. 15.00 – 19.00 og Torsdag kl. 11.00 – 15.00
  • Gratis levering

Kystplanke, Måløy sentrum

  • Kystplanke for levering av ein og ein ryddesekk – ligg ved gjestehavna i Måløy sentrum
  • Opningstider: heile døgnet
  • Gratis levering

 Strandryddekonteinar ved Kvalheimsanden, Kvalheim

  • Åpen strandryddekonteinar
  • Opningstider: heile døgnet
  • Gratis levering

Offentlig kontainer ved Valen Båtlag, Hardbakke

  • Open kontainer
  • Opningstider: heile døgnet
  • Gratis levering

Offentlig kontainer ved Selstad AS på Lundøyna, Ytre Sula

  • Open kontainer
  • Opningstider: heile døgnet
  • Gratis levering

Storsekkar på Hersvik kai

  • Storsekkar for eigarlaust avfall – står i stativ bak venterommet på kaia
  • Opningstider: heile døgnet
  • Gratis levering

NGIR Solund gjenvinningsstasjon

  • Avfallsmottak for Solund – ligg ved Solund Verft
  • Opningstider: kvar fjerde laurdag (frå 16.01) kl. 09.00 – 15.00
  • Gratis levering

NOMIL Gjenbruksstasjon Nordfjordeid/Haugen

  • Gjenbruksstasjonen for Eid – ligg på Ortra sitt område på Haugen
  • Opningstider: Tysdag kl. 16.00 – 19.00 og Torsdag kl. 09.00 – 15.00
  • Gratis levering

NOMIL Gjenbruksstasjon Svarstad

  • Ligg på området til Tenden Miljø. Det er også Tenden Miljø som driftar stasjonen for NoMil.
  • Opningstider: TYsdag kl. 12.00 – 19.00; Torsdag kl. 12.00 – 19.00
  • Gratis levering

SAR Staurdalen gjenvinningsstasjon

  • Opningstid: onsdag mellom kl 12 – 18
  • Gratis levering
  • Du må vise at aksjonen er registrert i Rydde

Naustdal – Sanden ved Badestrand

  • Strandryddekonteinar til marin søppel.
  • Kontakt: 482 22 238 for kode

Barekstad, Hovden

  • Lukket konteiner med kodelås til marin søppel

Min bit av Norge

Adopter ei strand, ei elv, ei øy, eit vassdrag…

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Min bit av Norge er ei nasjonal ordning der alle kan adoptere ei strand, ei elv, ei øy, eit vassdrag eller eit anna område i sitt nærmiljø, og ta vare på dette gjennom å rydde jamleg og førebygge slitasje og forsøpling. Ved å velje seg ein bit av Norge forpliktar ein seg til å regelmessig rydde opp forsøpling langs eit fast område. Ein skal rydde minst tre gongar i året, og registrere det ein finn i RYDDE.

Vi inviterer samtlege skular til å implementere denne ordninga i si undervisning. Fjordane Friluftsråd bidrar med rådgjeving og ekspertise omkring arrangering av ryddeaksjonar og tips til undervisningsmateriell. Les meir om Min bit av Norge.

Kystlotteriet

Kvar sekk du rydder blir eit lodd i Kystlotteriet

I Kystlotteriet kan du vinne fine premiar når du rydder. Kvar sekk du rydder blir eit lodd i kystlotteriet si årlige trekning.

Kystlotteriet har blitt digitalt

No er det enda enklere å delta! Registrer dine lodd ved å trykke på linken til venstre!

Fjordane Friluftsråd og Naturvernforbundet har ei regional trekning i april

I april arrangerar Fjordane Friluftsråd og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ei regional trekning for alle som har rydda i områder i «tidligare» Sogn og Fjordane. Her kan du vinne gåvekort på opplevingar og utstyr til friluftsliv. Registrer dine lodd digitalt innen 15. april for å vere med i trekninga.