Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

RYDD NORGE VESTLAND

Eit profesjonelt kystryddeprosjekt finansiert av Handelens Miljøfond.

Fjordane Friluftsråd søkjer no deg til Norges kanskje mest givande og beste jobb!

Vi søkjer etter 1-4 kystrenovatørar til profesjonelt kystryddeoppdrag som del av Handelens Miljøfond sitt «Rydd Norge Vestland». Oppdraget handlar om å rydde 40% av ytre kyst for marint avfall primært i nord Solund og ytre del av Hyllestad og tidvis Askvoll. Oppdraget skal løysast innan 2023.

EIN ARBEIDSKVARDAG LANGS EI AV VERDAS VAKRASTE KYSTAR

Dette er ei unik moglegheit til å få jobb som profesjonell strandryddar kor du vil bruke arbeidsdagane dine ute i sol, regn og sjøsprøyt. Dette er ein fysisk tung og utfordrande jobb, kor du bidreg til å løyse ei av vår tids største miljøproblem; plastforsøpling i havet og marin forsøpling.

Stillinga har oppstart 1.mars 2023 vil primært ha ei varigheit på 6 mnd. ut August 2023, men kan gå fram til medio desember 2023 om naudsynt. Prosjektet utførast med base i Leknessund, Nord Solund i tett samarbeid med hovdubase Hardbakke.. Solund har gratisferje på strekninga Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella og Daløy – Haldorsneset. Det er ekspressbåtanløp 2 ganger dagleg Krakhella med bussforbindelse.

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no
Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

ARBEIDSOPPGÅVER KYSTRENOVATØR

  • Delta på ryddeaksjonar som del av eit ryddelag på 3-4 personar
  • Rydding av tilhøyrande 40% av den ytre kyst
  • Bruk av metodikk og utstyr for mest mogleg effektiv rydding
  • Oppgåver knytt til transport av avfall, lasting/lossing i felt
  • Føre statistikk i felt; rydda område, koordinater, mengde/type og – funn
  • Bilde-/videotaking i felt
  • Bidra med konstruktive forslag for problemløysing i felt

KVALIFIKASJONAR

Kystrenovatør  

  • Likar å vere på/ved sjøen
  • Uthald både fysisk og motivasjonsmessig
  • God fysisk form.
  • Løysningsorientert med god praktisk sans.
  • Forståelse for HMS-arbeid
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel.

Båtførar

  • Det kan også bli ledig stilling som båtfører på ryddelaget, med D6 kompetanse, så interesserte kan ta kontakt.

PERSONLEGE EIGENSKAPAR KYSTRENOVATØR

Vi leitar etter deg som er ryddig, positiv og påliteleg, med gode kommunikasjonsevnar og som likar å ta i eit tak. Føremon om du er løysingsorientert og godt praktisk anlagt, og vi ynskjer deg som alltid ser etter forbetringspotensiale. Desse stillingane krev eit bevist og gjennomtenkt forhold til metodikk, teknikk og organisering i felt.

Du må ha gode haldingar som er med å bygge eit sunt og inspirerande arbeidsmiljø i teamet. Du må ha gode samarbeidseigenskapar og like å jobbe tett i eit lite samansveisa team.

Vi ynskjer deg som har eit engasjement for havet og miljøet, og som brenn for ein reinare kyst! Dette er ei stilling kor du må vere uthaldande, både motivasjonsmessig og krev god helse. Det vil også vere ei særdeles gjevande jobb, kor du verkeleg kan kjenne at du bidreg til ei veldig viktig sak etter kvar endte arbeidsdag!

VI TILBYR

Ei helt unik og veldig spennande prosjektstilling med meiningsfylte oppgåver og eit sunt arbeidsmiljø i Noregs vestlegaste kommune.

Du vil få ei arbeidskvardag utandørs i felt, på sjøen og i land på holmar og skjær i havgapet.

Dette er ei utruleg gjevande stilling, kor du får delta i eit prosjekt for å rydde opp i ei av vår tids største miljøutfordringar – nemleg marin forsøpling.

Høve for å arbeide inn fredagen slik at laget kan ta langhelg.

Løn etter avtale og bustøtte.

Pensjonsordning gjennom kommunen og naudsynte forsikringar.

Du får bu i hus med eige rom saman med ryddelaget der dere vil ha alt dere treng i flotte omgjevnader . Det vil også vere ein bil til disposisjon.