Friluftsskule, Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Vil du jobbe som instruktør på friluftskulane i 2025?

Søknadsfrist: 9. april

Vi søkjer deg som er glad i friluftsliv, natur og ynskjer å arbeide med born og unge, til å vere instruktør på Friluftsskulane 2025.

Fjordane Friluftsråd tilbyr draumejobben som instruktør på Friluftsskulane våre i sommar. Lære born mellom 9-13 år grunnleggjande ferdigheiter i friluftsliv med 3 dagar kurs. Samla skal det haldast opp mot 15 Friluftsskular i medlemskommunane våre, og treng instruktørar til dei 12 skulane som skal avhaldas i Bremanger, Kinn, Stad, Hyllestad og Stryn, perioden 23.06 – 17.08. Jobbane gjer god praksis for m.a. anna friluftsliv- og lærarstudentar.

Det vil også i forkant av skulene bli arrangert ein opplærings/bli kjent dag saman med Sogn Friluftsråd.

Kort og begrunna søknad med CV sendast til jens.petter@friluftsrad.no

Kvalifikasjonar

  • Være glad i natur og friluftsliv
  • Like å arbeide med born og unge
  • Ha førerkort klasse B
  • Kunne vise gyldig politiattest

Ønsket kompetanse

  • Friluftsliv- eller lærerstudentar ved høgskular eller universitet
  • Disponerer eigen bil med hengerfeste
  • Instruktørkurs i padling og klatring
  • Førstehjelps-/livredningskurs
  • Lokal kjennskap til fleire av kommunane

Personlige eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig
  • Roleg
  • Lyttande
  • Handlekraftig

Søknadsfrist: 9. april

Kontaktperson ved spørsmål Jens Petter Bergtun
Epost: jens.petter@friluftsrad.no
Nummer: 941 56 845