Fjordane Friluftsråd
HARDBAKKE: Solund Brygge
FLORØ: Horne Brygge
Postadresse
Fjordane Friluftsråd
Hardbakke 26
6924 Hardbakke
Org.nr.: 918 552 537
Telefon: 994 87 500
E-post: fjordane@friluftsrad.no
Vegprosjektet i Solund fekk ei skikkelig utfordring med store mengder marin forsøpling i fleire av vikene der arbeidet foregår. Då kom strandryddarane i Fjordane Friluftsråd til unnsetning.
I haust starta bygginga av tilkomstvegar til Ytre Steinsund bru, med Vestland fylkeskommune som byggherre og Lesja Bulldozerlag som entreprenør. Brua skal erstatte ferja som går mellom Daløy–Haldorneset, og gir innbyggjarane på Ytre Sula fast og døgnope samband til kommunesenteret Hardbakke.
Dei store mengdane plast og søppel som hadde drive i land i viker og bukter ytst i Solund var overveldande. Ved Guridneset på Ytre Sula var det aller verst, her skal tilkomstvegen til den nye brua leggast på ei stor steinfylling.
Det var Lesja Bulldozerlag som fyrst gjorde oss merksame på avfallet. Å grave det ned i fyllinga eller dekke det til var ikkje eit alternativ, men vi hadde litt tidspress på oss for å fjerne dei store mengdene med marint avfall før vi kunne starte på vegbygginga, seier prosjektleiar Helge Follevåg i Vestland fylkeskommune.
I tillegg til at strandryddinga er bra for vegprosjektet er det også heilt i tråd med plaststrategien til Vestland fylkeskommune. Der er eitt av tiltaka å støtte friluftsråd i arbeidet knytt til tiltak mot og opprydding av marin forsøpling.
Det var gjennom Solund kommune at vegprosjektet fekk kontakt med Fjordane Friluftsråd. ein interkommunal organisasjon som vart starta opp i 2017. Solund er saman med Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn medlemskommunar i friluftsrådet, som mellom anna arrangerer strandryddeaksjonar langs kyst og fjordstrøk i gamle Sogn og Fjordane. Fjordane friluftsråd har tidlegare fått 187 500 kr tilskot frå Vestland fylkeskommune både til plastrydding og til å førebygge spreiing av plast og unødig plastbruk.
Friluftsrådet har eit eige ryddelag, og dei kom til Solund med båt og fire mannskap.
Fjordane friluftsråd stilte opp på ein dags varsel, og var veldig effektive i ryddinga av vikene – det var utruleg imponerande, seier Follevåg.
Entreprenør Lesja Bulldozarlag stilte med gravemaskin for å samle avfallet og få det opp i storsekkar, som igjen vart heisa over på lekter og båt.
På austsida av Ytre Steinsund vart det i alt samla saman 1294 kilo marint avfall. Det tilsvarar 13 storsekkar. På vestsida av Ytre Steinsundet; frå Langøy, Flatøyna, Brattholmen og langs kysten rundt Haldorsneset vart det rydda 2778 kilo. Det tilsvarar 28 kubikk, eller 28 storsekkar.
Ryddesamarbeidet var ei god oppleving for begge partar.
Dette var eit veldig kjekt og konstruktivt samarbeid, seier Bjarte Engevik, dagleg leiar for Fjordane friluftsråd.
Dei er ein del av «Rydd Norge Vestland», ein av ti rydderegionar i det nasjonale ryddeprogrammet Rydd Norge. Programmet har som mål at 40 prosent av den ytre kystlinja skal bli rydda for plast minst ein gong innan utgangen av 2023. Prosjektet er eigd og finansiert av Handelens Miljøfond.
Solund er eit viktig satsingsområde for oss. Vi hadde ein plan om å rydde dette området uansett, men gjorde nokre omprioriteringar og heiv oss rundt slik at avfallet ikkje skulle bli blanda inn i vegmassane.
Det er fleire grunnar til at strandrydding er viktig.
–Den eine sida er det visuelle, Ytre Steinsund er hovudleia med mykje båttrafikk, og snart skal den nye vegen gå forbi desse vikene. Endå viktigare er den negative miljøpåverknaden alt avfallet har på fuglar og dyr som beitar i tangbeltet.
– De får mykje skryt for innsatsen frå vegprosjektet. Kva tenker du om det?
– Vi har eit godt og samansveisa lag, som er drivne på slike oppdrag etter å ha halde på sidan april 2020. For oss var det veldig kjekt å få ei konkret bestilling, og jobbe tett med oppdragsgjevar og næringsaktør. Eit flott samarbeid som seier noko om korleis dette bør fungere i utbyggingsprosjekt, seier Engevik.
– Når må desse vikene ryddast på nytt, trur du?
– Ytre Steinsund er eit utsett område; det handlar om vêr og vind, om straumar som kjem frå sørvest og golfstraumen som sender mykje avfall i denne retninga. Ut i frå erfaring tek det ikkje så mange månader før nytt avfall har kome inn, men vi vil halde området under oppsikt, lovar Engevik.
Artikkelen er henta frå Vestland Fylkeskommune