Friluftsliv, Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

FRILUFTSLIV

nytilsett rådgjevar og koordinator

Friluftsliv blir definert som fysisk aktivitet i eiga fritid – ute i naturen. I motsetnad til sport er det ikkje konkurranse eller eigne reglar for korleis friluftsliv skal utførast.

Fjordane Friluftsråd vil legge til rette for aktivitetar i naturen, og at folk skal bli glad i naturen rundt seg. Det er kjekt å sjå at dess meir folk brukar fritida si i naturen, dess meir blir dei opptekne av å ta vare på naturen.

Det viktigaste for oss er at barn og vaksne finn glede i å vere i naturen, og at vi lærer oss å bruke og bevare naturen på ein god måte, presiserer Bjarte Engevik og Anna Kobbeltvedt i Fjordane Friluftsråd.

FRILUFTSLIV FOR ALLE

Fjordane Friluftsråd jobbar frå bre til hav, i medlemskommunane som strekker seg frå Stryn til Solund. Målet vårt er å legge til rette for lågterskel friluftsaktivitetar, tilpassa lokale forhold – og nært der folk bur. Vi har mellom anna god erfaring med å arrangere fjæredagar, der barn og vaksne får oppleve og lære meir om livet i fjæra.

Det er viktig å klare å engasjere heile familien.

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

NY STILLING SOM FRILUFTSLIVSRÅDGJEVAR OG -KOORDINATOR

Møt Anna Kobbeltvedt

Eg brenn for friluftsliv

Å byrje i stillinga som friluftsrådgjevar og koordinator er noko eg har sett fram til ei stund no. Friluftsliv er det eg verkeleg brenn for.

I denne stillinga kjem eg til å vere ein rådgjevande og samarbeidande part med kommunar, organisasjonar, frivillige og enkeltpersonar. Ei av hovudoppgåvene mine i stillinga vil vere å arrangere Friluftsskulane 2022, og i år er det planlagt 10 skular i medlemskommunane våre. Desse ser eg veldig fram til å gjennomføre.

I stillinga vil eg også kunne bidra til å leggje til rette for friluftsliv for særskilde målgrupper, dette kan til dømes vere personar med innvandringsbakgrunn, ulike typar funksjonsnedsetjing eller personar med andre helseutfordringar. Andre oppgåver stillinga omfattar kan vere å setje opp informasjonstavler, merke leier for kajakkpadling og vere ein ressursperson til andre friluftstiltak.

Friluftsliv, Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

LEGGE TIL RETTE FOR AKTIVITET

Vi vil i samarbeid med andre lag / organisasjonar, enkeltpersonar og grunneigarar legge til rette for friluftsliv, og gjerne realisere friluftsanlegg og aktivitetar. Eit typisk tiltak på kysten kan vere å merke leier for kajakkpadling eller merke turstiar på land og opparbeide badeplassar med meir.

For oss er det ikkje viktig å springe på dei høgste toppane, men at folk kjem seg ut og set pris på naturen rundt seg.

GODE FASILITETAR – GODE OPPLEVINGAR

Enkelte plassar er det nødvendig å gjere større tiltak, som å etablere og drifte sanitæranlegg. Her kan Skjergardstenesten vere ein viktig faktor – spesielt på stader det er vanskeleg å komme til med andre transportmiddel. Dette vil både skåne naturen og gje folk ei betre naturoppleving.

Vi ser ein klar samanheng mellom at folk har glede av å vere i naturen – og viljen til å ta vare på naturen.

Ønskjer du tips og råd?

Eller treng du hjelp med å legge til rette for friluftsaktivitetar?

Kontakt oss:

Anne Kobbeltvedt - friluftsliv, Fjordane Friluftsråd