anna@friluftsrad.no
Anna Kobbeltvedt
Friluftsrådgjevar og koordinator
Eit ferietilbod for alle i alderen 9 – 13 år
Friluftsskulane er eit ferietilbod for barn og unge som skal gje positive opplevingar i og med naturen, fortel Anna Kobbeltvedt i Fjordane Friluftsråd.
Det skal vere ein positiv introduksjon til friluftsliv, der ein har fokus på kjekke aktivitetar i kombinasjon med haldningsskapande arbeid. Friluftsskulen er eit aktivitetstilbod på dagtid over tre dagar, men det vert også lagt opp til ei overnatting. Vi legg og inn ein ekspedisjon i området der Friluftsskulen blir arrangert. Hovudfokuset vårt er at det skal vere kjekt og at det skal vekke interessa for friluftsliv.
Friluftsskulane er eit samarbeid mellom DNT og Friluftsrådenes Landsforbund, og skal vere eit tilbod for alle. Det er rett og slett berre fantasien som set grenser for kva aktivitetar vi har på Friluftsskulane. Anna ramsar opp ting som kajakk- og kanopadling, bading, naturquiz, leik og fiske. Her skal ein ikkje komme heim igjen med ein premie, men med gode opplevingar og lyst til å bruke naturen.
Tidlegare har Fjordane Friluftsråd arrangert Friluftsskular i Hardbakke i Solund, ved Kvanhovden fyr i Kinn og i dalføret Blålida i Bremanger. Sist år var det planlagt fleire friluftsskular i regi av Fjordane Friluftsråd i medlemskommunane, der 3 av skulane vart gjennomført.
To av skulane fann stad i Hardbakke i Solund i samarbeid med Trude Søilen frå Norsk Kystkulturakademi. Turen gjekk til Stokkevåg og Stokkevågsnova, samt padling og roing i gamle bruksbåtar ved Litle Færøy. Den tredje skulen vart gjennomført på Draumeplassen ved Dalevatnet i Bremanger. Der vart det kanopadling, overnatting i gapahuk og kjekke leikaktivitetar. Dette er tredje gongen det blei arrangert Friluftsskule i Bremanger.
Vi skulle sjølvsagt ønskje at vi hadde gjennomført alle dei planlagde Friluftsskulane, men påmeldinga var rett og slett for lita. Vi trur at Covid og konkurransen med andre aktivitetar er noko av grunnen her – men satsar på å komme sterkare tilbake neste år. Både vi og ungane er svært nøgd med dei Friluftsskulane som vi gjennomførte. Det er lystprega aktivitetar som passar for «alle» – der ein lærer å sette pris på naturen rundt oss.
VEKE / DATO | KOMMUNE / LEIRNR. | STAD |
---|---|---|
VEKE 25 // 24. – 26. juni | STAD 1 | Selje/Hoddevik |
VEKE 26 // 27. – 29. juni | SOLUND 1 | Hardbakke |
VEKE 26 // 28. – 30. juni | STRYN 1 | Stryn |
VEKE 27 // 4. – 6. juli | KINN 1 | Måløy |
VEKE 27 // 8. – 10. juli | BREMANGER 1 | Hauge/Førdsholmen |
VEKE 28 // 12. – 14. juli | STAD 2 | Nordfjordeid/Tua |
VEKE 29 // 18. – 20. juli | BREMANGER 2 | Langesjøvatnet |
VEKE 29 // 22. – 24. juli | STRYN 2 | Innvik |
VEKE 30 // 29. – 31. juli | KINN 2 | Teigen leirstad |
VEKE 32 // 10. – 12. august | SOLUND 2 | Hardbakke |
Eller vil du melde på din unge eller ungdom?
Kontakt oss: