Passion for Ocean-festival i Florø

GRATIS havfestival 11. juni

Laurdag 11. juni klokka 12 blir bryggekanten på Haffen og Torget fyllt opp av ulike aktørar som anten vil lære vekk viktig kunnskap om livet i havet – eller som vil stå for kjekke aktivitetar knytta til havet.

Festivalen går over ein dag – laurdag 11. juni – i tidsrommet 12-16.

Passion for Ocean-festivalen er GRATIS og open for alle 

Besøkande kan gjennom heile dagen utforske festivalområdet, kor det blant anna blir:

På programmet står det også:

1300 – Disseksjon av sjøpattedyr med marinbiolog Pia Ve Dahlen

1600 – Konsert med Pianocean frå bryggekanta

Passion for Ocean • fjordanefr.no

Passion for Ocean

Passion for Ocean - logo

Festivalen vert arrangert av Fjordane Friluftsråd, med fagleg leiar for marin forsøpling, Thea Båtevik, i spissen. Vidare er Byen Vår Florø medarrangør og rådgivande på korleis å arrangere festival i Florø.

Passion for Ocean-festivalen handlar om å feire havet og alt det betyr for oss.

Ved å vise folk kva som lever i havet og introdusere folk for aktivitetar ein kan drive med, både på og i havet vil folk få ei sterkare tilknytning til det.

Ein vil jo ta vare på det ein er glad i. Dette trur vi vil bygge opp folk sin indre motivasjon til å ta vare på havet og kysten vår.

For Fjordane Friluftsråd vil dette vere eit av fleire førebyggande tiltak i arbeidet med marin forsøpling. Festivalen blir gjennomført med støtte frå Handelens Miljøfond og Miljødirektoratet sine midlar til tiltak mot marin forsøpling.

Har du innspel – eller vil du vere med som frivillig 11. juni – ta kontakt:

Medarrangør

Støttespelarar

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no - https://fnf-nett.no/sogn-og-fjordane/
Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no - handelens miljofond
Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no - Marfo - senter mot marin forsøpling