anna@friluftsrad.no
Anna Kobbeltvedt
Friluftsrådgjevar og koordinator
Eit ferietilbod for alle i alderen 9 – 13 år
Friluftsskulane er eit ferietilbod for barn og unge som skal gje positive opplevingar i og med naturen, fortel Anna Kobbeltvedt i Fjordane Friluftsråd.
Det skal vere ein positiv introduksjon til friluftsliv, der ein har fokus på kjekke aktivitetar i kombinasjon med haldningsskapande arbeid. Friluftsskulen er eit aktivitetstilbod på dagtid over tre dagar, men det vert også lagt opp til ei overnatting. Vi legg og inn ein ekspedisjon i området der Friluftsskulen blir arrangert. Hovudfokuset vårt er at det skal vere kjekt og at det skal vekke interessa for friluftsliv.
Friluftsskulane er eit samarbeid mellom DNT og Friluftsrådenes Landsforbund, og skal vere eit tilbod for alle. Det er rett og slett berre fantasien som set grenser for kva aktivitetar vi har på Friluftsskulane. Anna ramsar opp ting som kajakk- og kanopadling, bading, naturquiz, leik og fiske. Her skal ein ikkje komme heim igjen med ein premie, men med gode opplevingar og lyst til å bruke naturen.
Tidlegare har Fjordane Friluftsråd arrangert Friluftsskular i Hardbakke i Solund, i Hoddevika og Selje, ved Hornindalsvatnet i Nordfjordeid og på Blakset i Stryn.
I 2022 var vi på ein real turne i Sogn og Fjordane, vi hadde titalt 137 deltakarar på 10 Friluftsskular.
Vi er så utruleg klare for å ta fatt på ein ny sommar med Friluftsskular. Her håpar vi å få sjå nokre kjende fjes frå i fjor, men også bli kjend med nye deltakarar. Det er eit heilt lavterskel tilbod der ein ikkje treng å kunne noko om friluftsliv for å vere med, så det er berre å melde seg på.
VEKE / DATO | KOMMUNE / LEIRNR. | STAD |
---|---|---|
VEKE 25 // 24. – 26. juni | STAD 1 | Selje/Hoddevik |
VEKE 26 // 27. – 29. juni | SOLUND 1 | Hardbakke |
VEKE 26 // 28. – 30. juni | STRYN 1 | Stryn |
VEKE 27 // 4. – 6. juli | KINN 1 | Måløy |
VEKE 27 // 8. – 10. juli | BREMANGER 1 | Hauge/Førdsholmen |
VEKE 28 // 12. – 14. juli | STAD 2 | Nordfjordeid/Tua |
VEKE 29 // 18. – 20. juli | BREMANGER 2 | Langesjøvatnet |
VEKE 29 // 22. – 24. juli | STRYN 2 | Innvik |
VEKE 30 // 29. – 31. juli | KINN 2 | Teigen leirstad |
VEKE 32 // 10. – 12. august | SOLUND 2 | Hardbakke |
Eller vil du melde på din unge eller ungdom?
Kontakt oss: