Frivilligheita sitt år

Bli med på Noregs viktigaste lagarbeid

Året 2022 markerer frivilligheita sitt år. Heile året skal vi feire frivilligheita og engasjere endå fleire. Alle lag, foreiningar, frivilligheitssentralar, kommunar og andre vert invitert til å vise fram den fantastiske frivilligheita i Noreg. Det vert markeringar og arrangement over heile landet gjennom heile året, og her skal vi bidra! Fjordane Friluftsråd har til dømes mange eldsjeler og engasjerte i arbeidet mot marin forsøpling.

Gjennom prosjekta våre Rydd Sogn og Fjordane og Skuleturné for havet har 1600 frivillige bidrege til å fjerne nærare 50 tonn avfall i 2021-2022. Dette vil vi fortsetje å engasjere til, men vi vil også utvide horisonten vår for å auke deltaking og mangfald.

#Samanpåtur er eitt av signalarrangementa i 2022. Å vere saman med andre på tur er ein god måte å vere sosial og aktiv på. I år vil vi bidra til å skape årets finaste og viktigaste aktivitetar. Saman kan vi få vi til meir og inkludere endå fleire. #Samanpåtur inviterer heile Noreg til å sørge for at endå fleire har nokon å vere ute med. Gjennom året vert lokale lag, organisasjonar, frisklivs- og frivilligsentralar, fylkeskommunar og andre oppfordra til å gå saman om å få med seg alle på tur i 2022.

Ein kan gå inn på frivillighetensar.no og finne arrangement i regi av organisasjonar og lag, men det vil vere like viktig å få med seg ein venn, nabo eller kollega. Dette kan vere fottur, padletur, hovudlykttur, sopptur, båttur eller berre ein tur til postkassa.

Det er det å vere saman med nokon som tel.

Frivilligheitsåret 2022
Bli med frivilligheitsåret - Fjordane Friluftsliv