Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Vårryddedagen 19. mars

Rydd før fuglane kjem

Vårryddedagen er ein ny ryddekampanje som bidreg til å fjerne store mengder søppel frå norsk natur, før ferdselsforbudet i fuglereservat trer i kraft 15. april.

Kva skjer

Vi ynskjer å ha med deg på eit krafttak mot forsøpling i naturen! Vi oppfordrer til rydding langs elvar, innsjøar, strender, holmar, øyer, stiar og i byrommet – der du tenkjer at det trengs ein god opprydding etter at snøen har smelta. Bli med på ei offentleg aksjon eller finn frem ei pose og rydd i din nærleik.

Finn eit arrangement nær deg på vår Facebookside eller på Ryddenorge

Kvar sekk du ryddar blir til eit lodd i kystlotteriet

Delta på Kystlotteriet sin regionale trekning i tidligare Sogn og Fjordane

Kystlotteriet er ei ordning kor kvar sekk du ryddar blir eit lodd i Kystlotteriet sin årlege trekning. No arrangerar òg Fjordane Friluftsråd i samarbeid med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ei regional trekning i forbindelse med vårryddedagen og rydding #førfuglenekommer. Du kan vinne gåvekort på fine opplevingar og fint friluftsutstyr.

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no