Fjordane Friluftsråd
HARDBAKKE: Solund Brygge
FLORØ: Horne Brygge
Postadresse
Fjordane Friluftsråd
Hardbakke 26
6924 Hardbakke
Org.nr.: 918 552 537
Telefon: 994 87 500
E-post: fjordane@friluftsrad.no
Fjordane Friluftsråd har fått midlar til «Friluftsliv og strandrydding som sosial arena» og «Skuleturnè for have».
Vi har fått styrka våre budsjett på friluftsliv og strandrydding, noko som gledar oss veldig. Tusen takk til Handelens Miljøfond (HMF) og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som viser tillitt til oss og vil vere ein samarbeidspartnar og bidragsyter til at vi kan realisere prosjekta våre. Dei ser heilt klart, i likheit med oss, verdien av å legge til rette for og å engasjere til å drive friluftsliv og strandrydding, seier friluftsrådgivar Anna Kobbeltvedt.
400 000,- frå Handelens Miljøfond og 300 000 ,- frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane til nysatsning i våre medlemskommunar
Friluftsliv og Strandrydding som sosial arena er ei vidareutvikling av våre eksisterande prosjektar «Turrydding», og strandryddeseilas med Folkehøgskular og integreringsprosjektet Grøn Integrering i Nordfjordeid. Prosjektet skal forene friluftsliv og strandrydding som aktivitetar ein kan gjere saman. Bakgrunnen for prosjektet er er dei positive erfaringane vi har hatt med Turryddeprosjektet og strandryddeseilas. No kan vi tilby strandryddeseilas og Turrydding i alle våre medlemskommunar!
Vi har òg fått midlar til å vidareføre vårt samarbeidsprosjekt med Naturvernforbundet Sogn og Fjordane inn mot skuler; Skuleturnè for havet! 225 000,- frå Handelens Miljøfond kommer veldig godt med når vi skal besøke skuler og formidle om Marin forsøpling, seier prosjektleiar for Skuleturnè for Havet, Roger Auset.
Sia starten av prosjektet i juni 2021 har vi knytta nettverk med 37 skular i og kring våre medlemskommunar og undervist 2695 elevar om problematikken kring plast og marin forsøpling. Vi har gjennomgørt 50 ryddeaksjonar og saman med elevane rydda over 12 tonn eigarlaust marint avfall.