FjordKysten og Sunnfjord - Centre of Hyllestad - Mount Lihesten - Foto Petur Thor Photography
bjarte@friluftsrad.no
Bjarte Engevik
Dagleg leiar
Fjordane Friluftsråd har auka opp til 7 medlemskommunar
Fjordane Friluftsråd har fått eit nytt medlem. Vi gratulerer Hyllestad kommune så mykje med inngått medlemskap i Fjordane Friluftsråd (KO) og gler oss til å samarbeide med Dykk til det beste for innbyggjarane og friluftslivet i kommunen.
Etter at vi starta opp i 2017, har vi hatt seks medlemskommunar: Stryn, Stad, Bremanger, Kinn, Askvoll og Solund. Men no har også Hyllestad sagt ja til å bli med, noko som blei vedtatt av kommunestyret den 13. juni. Dette betyr at Hyllestad blir den sjuande kommunen i Fjordane Friluftsråd, og det er vi veldig glade for.
Fjordane Friluftsråd jobbar tett med Vestland fylkeskommune for å få alle kommunane i det tidlegare Sogn og Fjordane til å bli med i eit friluftsråd. Hyllestad blei formelt tatt opp som medlem i representantskapsmøtet til Fjordane Friluftsråd den 20. juni.
Hyllestad grensar mot Solund i sørvest, Fjaler i nord og Høyanger i aust. Kommunen deler mykje geologisk historie med desse områda. Fjordane Friluftsråd er også medlem av Sognefjorden Regional og Geopark, som gjer ein spennande jobb for regionen.
Vi ser verkeleg fram til å samarbeide med Hyllestad for å fremje friluftsliv til det beste for innbyggarane i den flotte kommunen.
Fjordane Friluftsråd har lagt planar for å bidra til fjerning av marin forsøpling langs kommunen si strandlinje, i tillegg er vi i startfasen for å få til aktivitetar for born og unge i kommunen.
Vi ser fram til å bidra til å gjere friluftsliv til ein naturlig del av kvardagen for alle i Hyllestad kommune.
Eller har du spørsmål om Fjordane Friluftsråd?
Kontakt oss: