Fjordane Friluftsråd
HARDBAKKE: Solund Brygge
FLORØ: Horne Brygge
Postadresse
Fjordane Friluftsråd
Hardbakke 26
6924 Hardbakke
Org.nr.: 918 552 537
Telefon: 994 87 500
E-post: fjordane@friluftsrad.no
Rydd Sogn og Fjordane er Fjordane Friluftsråd sitt strandryddeprosjekt i medlemskommunar og tilgrensande kommunar
Rydd Sogn og Fjordane er Fjordane Friluftsråd sitt omfattande strandryddeprosjekt, fortel Thea Båtevik, som er fagleg leiar for marin forsøpling i Fjordane Friluftsråd. Prosjektet foregår i våre medlemskommunar; Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stadt og Stryn – og tilgrensande kommunar; Gloppen, Høyanger, Hyllestad, Sunnfjord, Fjaler og Gulen.
Målet med prosjektet er å fjerne eigarlaust avfall frå kyst, vassdrag og natur, hovedsakeleg gjennom å motivere og tilretteleggje for frivillige oppryddingstiltak. Dette innebærer blant anna utdeling av utstyr, løyving av motivasjonsmidlar til lag og organisasjonar, utsetjing av konteinar til strandryddeavfall, samt innhenting av rydda avfall og større gjenstandar frå fjøra med eiga båt.
Fredag kom godnyheiten om at Fjordane Friluftsråd blei løyva midlar til å kunne vidareføre Rydd Sogn og Fjordane-prosjektet. MARFO – senter mot marin forsøpling, som nytt av året har tatt over tildelingsprosessen av midlar til å bekjempe marin forsøpling frå Miljødirektoratet, har løyva Rydd Sogn og Fjordane 3 millionar av potten på totalt 50 millionar. Vi er veldig fornøgd med at vi kan fortsette det viktige arbeidet med marin forsøpling langs kyst- og fjordstrøk av tidligare Sogn og Fjordane, fortel fagleiar Båtevik.
Ei liten nedgang frå fjoråret, då prosjektet vart tildelt heile 4,1 millionar. Men vi er ikkje misfornøgd, forsikrer fagleiar Båtevik. Vi kan gjere veldig mykje bra arbeid med 3 millionar, og har stor forståing for at vi er mange som skal ha ei bit av kaka. Vi får heldigvis også midlar frå andre tilskuddsordningar.
Det er ikkje berre MARFO som tildelar prosjektmidlar til marin forsøpling her til lands. Takka vere plastposeavgifta som alle betalar kvar gong dei tar med ein pose frå butikken, kan vi drive med både undervisning og arrangere festival. I desember kom nyheiten om at Fjordane Friluftsråd hadde huka til seg 750 000 kr av Handelens Miljøfond sitt plastposefond.
Desse midlane er øyremerka våre to underliggande prosjekt: Skuleturnè for havet og Passion for Ocean-festival i Florø.
Båtevik er glad for å kunne vidareføre det vellukka undervisningsprosjektet Skuleturnè for havet. Dette har på andre året fått tildelt i overkant av 450 000 kr. Vidare introduserar Fjordane Friluftsråd også nye prosjekt i regionen. 11. juni blir det nemleg havfestival i Florø.
Både fagleiar og prosjektmedarbeidar, Thea Båtevik og Roger Auset, er nøgd med den nye tildelinga. Både fordi det viktige arbeidet kan fortsette, men ikkje minst fordi dei vidare har ein jobb å gå til.
Det er sjølvsagt litt uforutsigbart med denne typen prosjektstillingar. Men når ein får jobbe med eit så viktig tema, og møter så mange engasjerte folk, er det verdt det.
Med kun ettårige løyvingar blir også arbeidskontrakten midlertidig. Båtevik fortel at ho er litt skuffa over at det ei heller i år vart ei fleirårig prosekttildeling. Med ettårige tildelingar blir det veldig uforutsigbart for oss som er tilsette. Dette kan føre til høg gjennomstraum av tilsette, og at opparbeida kompetanse i prosjektet går tapt. Ho har hatt god tru på at prosjektet ville bli vidareført, og har dermed hatt roa. Men ikkje før no var det sikkert om begge dei tilsette på prosjektet ville kunne fortsette i jobben eit år til.
Vi håpar òg på eit auka samarbeid med næringa. Bedriftar som bidrar til prosjektet økonomisk gjennom vår bedriftspakke for næringslivet, får igjen ei kjekk teambuilding-aktivitet for deira tilsette. Roger Auset jobbar med å få på plass samarbeid med fleire bedriftar.
Dette er ei måte næringa kan vere med på å gi tilbake. Vi håpar å få fleire med på ordninga!