Strandryddeuka Sogn og Fjordane - Fjordane friluftsråd - fjordanefr.no

Rydd boss og vinn premiar!

Fjordane Friluftsråd og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane arrangerer ei regional premietrekning i områder av tidligare Sogn og Fjordane.

Kystlotteriet er eit strandryddelotteri, kor kvar sekk du ryddar blir til eit lodd i ei årlig trekning om flotte premiar. Lodd registrerer du digitalt på Kystlotteriet sine sider.

Alle som ryddar kan vinne flotte premiar!

I tillegg til den nasjonale trekningen som skjer kvart år ved årsskifte arrangerar Fjordane Friluftsråd og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ei regional trekning.

Regional trekning i september

I forbindelse med Strandryddeveka 2022, arrangerar Fjordane Friluftsråd og Naturvernforbundet SF ei regional trekning for alle som ryddar i heile tidligare Sogn og Fjordane. Trekninga er i samarbeid med Kystlotteriet, og du kan registrere lodda dine her. VIKTIG: hugs å huke av kommuna du ryddar i!

Vinn gåvekort på opplevingar og utstyr til friluftsliv.

Strandryddeveka varer frå 8.-18. september, men alle som registrerer lodd i heile september blir med i trekninga.  Med denne registreringa er du òg med i den nasjonale trekningen som finner sted ved årsskiftet!

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no
Skuleturné for havet - Fjordane Friluftsråd

Pengepremier til skuleklasser og idrettslag

I tillegg deler vi ut 10 stk pengepremier à 1000 kroner til skuleklasser og idrettslag som har rydda i perioden.

Frist for å sende inn er 30. september

Les meir om trekninga for idrettslag her, og for skuleklasser her.

Har du spørsmål om Kystlotteriet eller den regionale trekninga?

Ta kontakt med oss:

Fjordane Friluftsråd - Thea Båtevik