Strandryddeuka Sogn og Fjordane - Fjordane friluftsråd - fjordanefr.no

Rydd med skulen i Strandryddeveka

Fjordane Friluftsråd i samarbeid med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Det nærmar seg tid for Noregs største frivillig ryddedugnad – Strandryddeveka, som går av stabelen 8.-18. september

Det er frivillighetens år, og vi håper så mange som mulig ynskjer å bli med på ryddedugnad for havet. Fjordane Friluftsråd og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane inviterer alle skuleklasser i områder av «tidligare» Sogn og Fjordane til å rydde med skulen.

Alle skular som blir med vil vere med har moglegheit til å vinne premiar.

Sjølve strandryddedagen er satt til laurdag 18 september, men vi vil gjerne oppfordre skular til å sette av ein time eller to til rydding i nærmiljøet mellom 9. septmeber og 17. september til rydde.

Kvar skal vi rydde?

Mesteparten av alt avfall som hamnar på avvegar ende til slutt i havet; kvikklunsj-papiret som flaug av stades frå ein fjelltopp ende i ein bekk, blir frakta til ei elv som ender i havet. Derfor er det like viktig å rydde i skogen, langs elver, i parker og på skuleområde.

Det er skulen og klassa som sjølv bestemmer ryddeområde og kor mykje tid ein vil sette av til rydding. Her handlar det om å engasjere elevane til å rydde stort og smått for alt er vitkig.

Før dykk ryddar kan det lønne seg å ta ein titt inne på nettsidene til Fjordane Frilutsråd. 

Gjennomfør ein ryddeaksjon og vin premie!

Det er moglegheit for å delta på fleire trekninger og vinne ulike premier:

  1. For å kunne bli med i trekninga må din skule sende inn bilde etter endt rydding og ein kort tekst om dagen (kor mange sekkar blei rydda, kor mange som deltok osv, fant dykk noko rart/uventa?). Send til mnm@naturvernforbundet.no . 5 klassar vinner gavekort à 1000kr.
  2. Lærar eller rektor kan registrere klasser på https://reg.kystlotteriet.no/ – då blir klassa med på den nasjonale trekninga til Kystlotteriet
  3. Vi har og organisert ei regional  for dei som ryddar i Sogn og Fjordane i Strandryddeveka. Vinnarar blir trekt i oktober.
Skuleturné for havet - Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no
Skuleturné for havet - Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Utstyr til rydding

Når dykk har funne ein ryddelokasjon er det neste steget å få tak i alt utstyr. Dei fleste kommunehus og renovasjonsselskap har tilgang på kystlotteriet sine sekkar, viss det ikkje er tilfelle vil vi skaffe til det som trengs. Sjå her for meir informasjon om ditt område.

NB. gjerne ring ditt utstyrslager og hør om dei har utstyr til deg i god tid før strandryddeveka. Om ikkje kan vi hjelpe med å skaffe det som trengs.

Kor skal vi kaste avfallet?

Ha ein plan for kor du skal hive avfallet! Kontakt ditt lokale avfallselskap, eller sjå våre nettsidar. Ved større aksjonar kan vi eksempelvis setje ut konteinar til avfall. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål!

Lurer du på noko?

Kontakt oss:

Roger Aunet - næringslivskontakt, Fjordane Friluftsråd