Fjordane Friluftsråd
HARDBAKKE: Solund Brygge
FLORØ: Horne Brygge
Postadresse
Fjordane Friluftsråd
Hardbakke 26
6924 Hardbakke
Org.nr.: 918 552 537
Telefon: 994 87 500
E-post: fjordane@friluftsrad.no
Rydd Norge-programmet er etablert av Handelens Miljøfond og bli leia av Salt, og er Norges første omfattande og nasjonale ryddeprogram.
Ryddeprosjekta som inngår i programmet er tilpassa sin region, og programmet er delt opp i ti regionale prosjekt.
Roger Auset sammen med søsknene Eline valvik og Kay Valvik utgjer Fjordane Friluftsråd sitt eige ryddelag med base i Florø. Det er dei som er på jobb for å rydde langs kysten av medlemskommunane våre.
Vestland har eit variert, langstrakt og utfordrande landskap med ei oppstykka kystlinje på 19 339 kilometer med fjordar og 13 608 øyer. Kystlinja i Vestland er svært vêrutsett med vind, tåke og mye sjø med dønningar og drag, noko som gjer at det nokre stader berre er mogleg å komme til land eit par gonger i året. Plastforsøpling er eit stort problem langs Vestlandskysten, fordi Golfstraumen sine varme vestlige vindar fører både havstraumar og plast på avvege til kystlinja i Vestland.